På 1800-talet vart spiseskeiene gjerne sette fast i veggen mellom måltida.

Kvifor stod spiseskeia fast i veggen på 1800-talet?

Har nordfjordingen alltid ete med kniv og gaffel? Korleis såg eit middagsbord ut for 200 år sidan og kva stod på det?

Dette, og fleire spørsmål om bordskikk og utvikling, kan du no få svar på. Nordfjord Folkemuseum inviterer til inspirasjonsdag om borddekking med fagleg påfyll, 13. mai. Bakgrunnen er utstillinga «Bord dekk deg», som museet har sett opp saman med elevar frå interiør- og utstillingsdesign ved Eid vidaregåande skule.

Eldbjørg Fossgard, som i mange år har forska på mat- og måltidskultur, og mellom anna har skrive om kvinner og matstell i boka «Nordfjord», bidreg med fagleg påfyll.

– Ho held eit innlegg om skikk og samvær rundt bordet i historisk perspektiv. Mange tenkjer nok at borddekkinga og måten vi har oppført oss på har vore relativt lik i lang tid, men mykje har endra seg. For berre 250 år sidan var det vanleg å ete av felles fat, gjerne med fingrane, seier formidlingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Eva Marie Felde.

Ny biletkunst og inspirasjon

Elevane har dekka eit bord med tidstypiske gjenstandar frå kvart tiår heilt frå kring 1900. Utstillinga tek også føre seg kva gjenstandar som var typiske i heimane i Nordfjord kring 1800 og tidlegare. Og utstillinga om borddekking verkar å begeistre publikum.

– Det er tydeleg at koppane, tallerkane, kannene, dukane og alt det andre på bordet vekkjer mange minne hjå mange. Praten om kva ein sjølve, besteforeldra eller slekta dekte borda med, går laust medan folk ser på utstillinga, seier Felde.

I samband med inspirasjonsdagen har Sandane Glassmagasin også dekka eit eige bord i moderne stil.

– Våren og sommaren er jo tida for både små og store festar, så vi håpar mange vil kome og la seg inspirere. I tillegg viser vi fram bilete av kunstnaren Ida Anda, som har henta inspirasjon frå personar, åkle og motiv i Nordfjord. Så det er mykje nytt ein kan la seg inspirere av denne dagen, seier Felde.