Kvernevik blir ordførarkandidat

Medlemsmøtet i Gloppen Arbeidarparti har samrøystes valt Arnar Kvernevik som ordførarkandidat for kommunevalet i 2019.

Monica Grov står på andre plass på lista, skriv partiet i ei pressemelding.

Arnar Kvernevik er 62 år, ingeniør og har heile yrkeslivet sitt arbeidd med fornybar energi.

Han er i dag Arbeidarpartiet sin representant i formannskapet og leiar MULTEK-utvalet. Hjartesakene til Arnar er næringspolitikk og samferdsel.

Monica Grov bur på Sørstranda og er 49 år. Ho har arbeidd på Gloppen Trygdekontor/NAV,  men arbeider i dag som konsulent i Helse Førde og rådgjevar i Helfo.

Monica stiller opp for sin første periode i kommunestyret. Med si lange erfaring frå organisasjonsarbeid i NTL er ho meir enn klar for ein innsats i lokalpolitikken. Monica sine hjartesaker er helse, skule og oppvekst, og at alle skal ha lik tilgang til velferdsgoda uansett bakgrunn.

Gloppen Arbeidarparti er òg glade for å kunne melde at fleire framstormande unge AUF-arar set sitt preg på nominasjonslista.