Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Ny gåve til hallen på Skei

Ny gåve til hallen på Skei

Torsdag vart det kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane har gitt 750.000 til fotballhallen på Skei.

Leiar i idrettslaget, Laila Tefre og medlem av prosjektgruppa, Bjørn Anders Steinsund, var til stades i banken for å ta i mot gåva.

Glade mottakarar

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

–  Denne gåva er ein viktig del av den private finansieringa og vil hjelpe oss på vegen for å få realisert storhallen i Jølster, seier Laila Tefre. Hallen er først og fremst viktig for lokalsamfunnet i Jølster, men Skei ligg midt i fylket og hallen vil også kunne fungere godt som møtepunkt og turneringsstad for eit stort geografisk område.

–  Det er gledeleg å vere med å støtte dette prosjektet. Vi håpar vårt bidrag vil kunne få andre med på spleiselaget slik at hallen blir ein realitet, seier banksjef i Sunnfjord, Roy Stian Farsund, som overrekte sjekken på vegne av sparebankstiftinga.

Forkjemparane for hallen på Skei , kunne i dag håve inn ein fin sjekk frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.