Heim   >   Nyhende   >   Kvar tredje bonde får erstatning etter tørkesommaren i fjor

Til saman 13.460 bønder får utbetalt erstatning etter tørkesommaren i fjor. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NP

Kvar tredje bonde får erstatning etter tørkesommaren i fjor

Meir enn ein av tre norske bønder får utbetalt erstatning for avlingssvikt etter tørkesommaren i fjor.

I store delar av Sør-Noreg vart avlinga til bøndene kraftig redusert i fjor, grunna mangel på vatn. Både Noreg og Nord-Europa vart hardt råka av tørken.

Sikkerheitsnett

No er 98 prosent av dei totalt 14.991 søknadene om erstatning for avlingssvikt behandla, og totalt blir det betalt ut nesten to milliardar kroner i erstatning, til til saman 13.460 bønder, skriv bondelaget.no. I august i fjor var det berekna utbetaling på om lag 1,1 milliard kroner.

– Det viser kor alvorleg denne tørkesituasjonen var og kor sårbar matproduksjonen er for ekstreme vêrtypar. Det understrekar også kor viktig det er å tilpasse næringa for å kunne møte vêret på ein best mogleg måte i framtida, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Han strekar under at avlingsskadeerstatning er eit sikkerheitsnett som var avgjerande for vidare drift på mange garder etter fjorårssommaren.

beate.haugtro@npk.no