Gloppen ungdomsskule. Arkivfoto.

Kvar femte ungdom brukar minst seks timar på skjerm kvar dag



Ei undersøking som Gloppen ungdomsskule har gjennomført blant eigne elevar viser at ungdom i kommunen brukar mykje tid på skjerm, er bra fysisk aktive, men gjer lite lekser.

Gloppen ungdomsskule har gjennomført ei undersøking for å få innblikk i kva vanar elevane har på fritida knytt til skjermbruk, gaming, fjernsyn, fysisk aktivitet og skulearbeid.

Skjermtida aukar i helga

Undersøkinga viser at elevane brukar svært mykje tid på smarttelefonar, datamaskinar og gaming også midt i veka. I snitt brukar 8,1 prosent av elevane 0-2 timar på skjerm per dag på skuledagar, 70,5 prosent av dei brukar 3-5 timar, medan 21,4 prosent brukar 6-8 timar eller meir.

Tida elevane brukar på skjerm aukar i helgar og på fridagar. Då brukar 5,5 prosent av elevane 0-2 timar på skjerm. 44 prosent brukar mellom 3 og 5 timar framfor skjermen, medan heile 50,6 brukar 6-8 timar eller meir på skjerm.

Elevane i Gloppen er vel å merke ikkje åleine om å vere så mykje på skjerm. Undersøkinga Ungdata frå 2018 viser at 2/3 av ungdom i Noreg i alderen 13-19 år brukar meir enn tre timar dagleg framfor skjerm.

Ein del spelar mykje

Elevane ved Gloppen ungdomsskule fekk spørsmål om kor mykje av skjermtida dei brukte på gaming eller dataspeling. På skuledagar brukar 80 prosent av elevane 0-2 timar på dataspel, 16 prosent brukar 3-5 timar i snitt per dag, medan 4 prosent brukar 6-8 timar eller meir på gaming. Dette betyr at 20 prosent av elevane gamar meir enn tre timar i snitt på skuledagar.

Tidsbruken fordeler seg litt annleis i helgane. Ein del av elevane brukar då meir tid på denne aktiviteten. Ifølgje undersøkinga brukar 65,6 prosent av elevane 0-2 timar i snitt per dag på gaming på fridagar, 30 prosent brukar 3-5 timar på å game, medan 6,6 prosent brukar 6-8 timar eller meir på dataspel. Med andre ord brukar meir enn éin av tre elevar svært mykje tid på gaming i helgane.

Undersøkinga viser at det også er jenter på GU som brukar tid på gaming, men gutane er i overtal.

Aktive, men lite lekser

Trass i den utbreidde tidsbruken på skjerm, er elevane ved Gloppen ungdomsskule ganske aktive. 37,7 prosent oppgjev at dei er fysisk aktive 0-1 time i snitt per dag etter skuletid midt i veka. 51,4 prosent er aktive i 2-3 timar per dag, medan 10,8 prosent av elevane er aktive i 4-5 timar eller meir per dag. Undersøkinga viser også at elevane er like aktive i helgane som dei er på vanlege skuledagar.

Ungdomsskuleelevane fekk også spørsmål om kor mange timar totalt i løpet av ei veke dei vanlegvis gjer skulearbeid etter skuletid. Her har 37 prosent av elevane svart at dei brukar 0-1 timar per veke på skulearbeid, 43,1 prosent av elevane brukar mellom 2 og 3 timar på lekser i veka, medan 19,8 prosent brukar 4-5 timar eller meir. Fordeler ein dette over fire skuledagar måndag til torsdag, gjer fleirtalet av elevane svært lite lekser per dag.

Ser ikkje så mykje fjernsyn

Litt interessant er det å sjå at elevane ikkje brukar så mykje tid på å sjå fjernsyn. 82,5 prosent av elevane ser mellom 0 og 1 time fjernsyn i gjennomsnitt på skuledagar. 16,5 prosent ser mellom 2 og 3 timar fjernsyn midt i veka, medan 0,9 prosent ser på TV mellom 4 og 5 timar.

På fridagar aukar fjernsynssjåinga noko. Då ser 58 prosent mellom 0 og 1 time, 35 prosent ser mellom 2 og 3 timar fjernsyn, medan 7 prosent sit framfor TV-skjermen i 4-5 timar eller meir.

Undersøkinga viser at mange av elevane er flinke til å kome seg i seng dagen før dei skal på skule. På spørsmål om kor tid dei legg seg til å sove, svarar 22,2 prosent av elevane mellom klokka 21.00 og 22.00. 51,2 prosent av elevane legg seg mellom 22.00 og 23.00, medan 18,8 prosent av elevane legg seg mellom 23.00 og midnatt. Berre 7,7 prosent av elevane legg seg seinare enn dette.