Joar Inge Nydal satsar på eige utstyr når han skal slå. Med 400 da, der halvparten skal slåast tre gonger, trengs det at utstyret er i orden.

Kunstig vatning berga avlinga

 

På Åmot, lengst inne i Stardalen, finn vi Joar Inge Nydal. Saman med kona, Randi Flølo, driv han mjølkeproduksjon på 45 årskyr.



– Vi kjem til å klare oss bra, men det har kosta, fortel Joar Inge Nydal, som var i full sving med andreslåtten då vi møtte han denne veka.
Valde vatning
I Stardalen er det mykje sandjord og såleis tørkeutsett. Der er også for det meste paddeflatt og dermed også utsett for isbrann.
– Overvintringsskadar, som dei vi hadde for fem år sidan, og hjortebeiting, har nok laga meir problem for oss enn tørke, men den sommaren vi har hatt i år har vore spesiell, fortel Joar Inge som hadde hatt ei natt med rundballepressa og var i sving med å sjå over utstyret då vi var der.
På førsteslåtten fekk han omlag 70-80 prosent av ei normalavling, noko som må seiast å vere svært uvanleg i år. Grunnen til dette resultatet skimtar vi eit stykke frå fjøsen, ei flunkande ny vatningsvogn.
Dyr moro
– Vi rekna på det og valde å investere i vatningsutstyr. Vatningsvogna kosta 150.000 og traktoren har gått over 200 timar på å drive vatningspumpa. Med femten liter diesel i timen blir det rundt rekna 30.000 kroner, så dette har vore ei dyr moro. Men alternativet hadde vore å kjøpe svært dyrt fôr, og det er også svært usikkert om det blir noko å få kjøpt. Vi valde altså denne løysinga, og no ser vi at det har gitt resultat, fortel Joar Inge, og legg til at han har stor sympati med alle dei som slit med dårleg avling på førsteslåtten.
Til saman vatna han 110 da med ordinær eng, i tillegg til 60 da attlegg. Han brukte slangane han brukar til gylling som tilførselslange til vatningsvogna, og gyllepumpa til å drive det heile med.
– Det vart dyrt med alt dieselforbruket, så om det blir vatning fleire somrar vil eg vurdere elektrisk pumpe, er konklusjonen etter den tørraste sommaren i manns minne.
Store areal
Joar Inge Nydal haustar gras på 400 da og legg opp til å slå tre gonger på vel halvparten av arealet. Dette med tredjeslått er ikkje vanleg i Stardalen, men med den rekordtidlege førsteslåtten, er det mogeleg i år.
Då vi var på besøk, hadde han att 75 da å slå, i tillegg til 60 da med attlegg, og rekna med å komme ut med 750 ballar etter to slåttar. Tørrstoffinnhaldet er høgt i år så der er fleire fóreiningar enn normalt i ballane, dermed er der meir fór enn balletalet skulle tilseie.
– Dette med tredjeslått er ei risikabel øving, men går det bra så reknar eg med å hente 200 ballar til, så då skal vi klare oss bra, men vi har nok ingen ting å selje om nokon lurer på det, fortel Joar Inge.
Treng meir dyr
Mange må truleg redusere besetningane sine til vinteren, noko Joar Inge tykkjer er trasig, spesielt om det er gode mjølkekyr som blir sende til slakt.
– Vi er nøydde til å prøve å halde mjølkeproduksjonen oppe og det bør på ein eller annan måte opprettast oversikt over kyr som blir til overs rundt om og fjøsar som eventuelt manglar kyr. Vi har litt for lite kyr og kunne tenkje oss å ta inn nokre ekstra, men då må det vere unge, gode kyr og ikkje slike som er på hell produksjonsmessig, avsluttar bonden som merkjer seg ut i positiv lei når det gjeld konsekvensane av tørkesommaren.
Når det gjeld hjorten, er også Nydal plaga av han til tider. Men dette med tidlegare jakt er heller ikkje han så veldig oppteken av.
– Det er viktigare at vi får skyte dei dyra som faktisk er her, enn at vi skal ha driftsplanar og avskyting basert på dyr som ikkje eksisterer, er meldinga til hjorteforvaltinga.

Joar Inge Nydal satsar på eige utstyr når han skal slå. Med 400 da, der halvparten skal slåast tre gonger, trengs det at utstyret er i orden.

Etter to slåttar ser det lovande ut når det gjeld fórsituasjonen, mykje takka vere vatning.