rlend Hammer var i Astruptunet for første gong tysdag og tykte det var ei spesiell oppleving. Til hausten håpar han å få inn nye, spennande Astrup-arbeid til Blomqvist Kunsthandel.

Kunsthandlar i Astrupland

Erlend Hammer arbeider til dagleg som kunstekspert hos Blomqvist Kunsthandel AS i Oslo. Der kjem han av og til bort i arbeid av Nikolai Astrup.



Denne veka var han for første gong i Jølster, og målet for turen var å gå i Astrup sine fotspor. Han fekk ein dag i Astrup sitt rike, og han fekk sjå mange av motiva til kunstnaren.

– Dette var spesielt

Rundreisa starta naturleg nok i Astruptunet der Hammer fekk seg ein guida tur og etterpå sto i tunet og såg på nokre av motiva.

– Dette må eg seie var spesielt og veldig spennande. No har vi sett ein utruleg fin plass, og vi har fått eit lite innblikk i livet til kunstnaren. Det er imponerande at det gjekk an å livberge seg her, og det er rart å stå her, midt i nokre av dei beste motiva hans. Eg ser rett på «Blomstrende epletre» og dei andre motiva hans frå tunet, det er rart, sa Hammer.

På turen frå Kjøsnes og utover mot Astruptunet passerte han fleire kjende motiv som «Kollen», «Måneskinn i Dvergsdalen», «Marzmorgen» og «Fugl på stein».

«Måneskin i Dvergsdalen»

«Måneskin i Dvergsdalen», som det finst to versjonar av, var på auksjon hos Blomqvist i mai. Det hadde ei verdivurdering på mellom 2,5 og 3,0 millionar kroner, men vart ikkje selt.

– Det er ganske avgrensa kor mange som kjøper kunst i denne prisklassa, men eigaren ønskjer absolutt å selje det. Vi har hatt det hengande i lokala våre i Oslo i sommar, og det kjem nok fram att på auksjon til hausten. Då håpar eg også at det dukkar opp nye, spennande ting av Astrup, sa Hammer, som var litt lei seg for at han ikkje hadde fått med seg dette motivet som han personleg tykkjer er eitt av dei beste.

«Soleienatt»

Etter Astruptunet gjekk turen til Ålhus der «Soleienatt» og alle motiva frå prestegarden venta. Her vart det også eit besøk på grava til Astrup. Frå kyrkja kunne Erlend Hammer sjå rett inn i «Soleienatt», og på nedsida av prestegarden sto motiva i kø, frå «Fødselsdag i hagen» til «Getsemane».

– Det er utruleg kor detaljert og naturtru han måla, sa Hammer, som såg på landskapet innover dalen frå kyrkja og samanlikna med foto av «Soleienatt».

Han tykte også det var spesielt å stå få meter frå bordet der hageselskapet gjekk føre seg og samtidig vere eit steinkast eller to frå alle dei andre motiva frå prestegarden.

– Dette har vore ein spesiell og minnerik dag, understreka han, før han heldt fram turen langs Jølstravatnet og avslutta dagen på Lunde Turiststasjon.

 

 

Ved kyrkja på Ålhus sto Astrup-motiva i kø, og spesielt «Soleienatt» interesserte kunsthandlaren som i fjor selde eit eksemplar som han då karakteriserte som spesielt bra og som gjekk for 820.000.