Eg har kjøpt abonnement. Når kan eg lesa avisa?
Du får tilgang til eAvis og nettavis med ein gong du har kjøpt eit abonnement her på firdatidend.no. Papiravisa kjem avisa ut to gonger i veka – tysdag og fredag.

Korleis blir eg «digital brukar»?
Digital brukarkonto er knytt til abonnementet. Du registrerer deg på  Mi side med  abonnementsnummeret ditt, og du får då tilgang til alt innhald på firdatidend.no

Kor finn eg abonnements-nummeret mitt?
På Mi side kan du be om å få tilsendt abonnements-nummeret ditt på SMS. Abonnements-nummeret finn du også på fakturaen frå oss, eller ved å kontakta oss på abonnement@firdatidend.no, eller tlf. 57 86 87 81.

Kan fleire nytta det same abonnementet?
Abonnementet ditt er eit familieabonnement som gir deg høve til å vera innlogga på inntil fem einingar samstundes.

Eg har logga inn på datamaskinen min, men må logga inn på nytt med  smarttelefonen min. Kvifor?
Første gongen du skal bruka datamaskinen, må du logga deg inn. Det same gjeld første gongen du skal logga deg inn på smarttelefonen eller lesebrettet. Viss du let vera å logga deg ut, er du innlogga neste gong du går inn på sida.

Kva type betalingsløysningar kan eg velja mellom?
Viss du bestiller abonnement på suldalsposten.no, betalar du med bankkort/kredittkort eller faktura. Les meir om betalingsmåtar her.

Korleis stoppar eg abonnementet mitt for ein periode?
Eit abonnement kan bestillast for ein periode og kan ikkje seiast opp før avtaletida er ute. På Mi side kan du sjølv stoppa leveringa av papiravisa i ferien. Du vil likevel ha tilgang til nettavisa og e-avisa for den perioden som du har bestilt.

Eg vil berre ha digitalt abonnement, ikke papiravis
Det er innhaldet vårt du abonnerer på, og du kan sjølv velja kor og korleis du vil lesa avisa. Me tilbyr abonnement både med og utan papiravis.

Mellombels stopp av papiravisa i samband med til dømes ferie er også mogeleg. Dette gjer du på Mi side

 

Kva gjer eg når andre skal betala abonnementet for meg?
Viss arbeidsgjevar eller andre skal betala abonnementet ditt, kan du kontakta oss, så ordnar me det for deg. Kontakt oss på e-post:  abo@firdatidend.no , eller på telefon:  57 86 87 81.

Hva gjør jeg når andre skal betale abonnementet for meg?
Hvis arbeidsgiver eller noen andre skal betale abonnementet ditt kan du kontakte vårt kundesenter, så ordner vi det for deg –  abo@firdatidend.no eller på tlf. 57 86 87 81.

Eg bur utanfor Norge og vil gjerne abonnera
Ta kontakt med oss på epost: abo@firdatidend.no. Du kan og kontakta oss på tlf. 57 86 87 81. Porto vil koma i tillegg for abonnement til utlandet.

iPhone/iPad

Eg får ikkje logga inn på Mi side eller firdatidend.no
Løysinga vår krev at Privat nettlesing er slått av:

Generelt

  1. Gå til innstillingar
  2. Generelt
  3. Sjekk at restriksjonar ikkje er aktivert

Safari slår ein innstilling av i nettlesaren.

  1. Gå til innstillingar
  2. Rull nedover i lista, og vel Safari
  3. Vel Privat nettlesing – denne skal stå av/inaktiv