Stardalen Mannskor gjennomførde to konsertar i fjor, men då med sterke restriksjonar på grunn av koronapandemien. Biletet er frå konserten i Vereide kyrkje. Foto: Runar Sandnes.

Stardalen Mannskor vil lage genuin julekonsert – med NRK-bauta på laget

Stardalen Mannskor kan sjå tilbake på suksessfullt samarbeid med Olav Stedje og Oddvar Torsheim.

No er koret klart med eit nytt samarbeidsprosjekt; julekonsert med NRK-bauta Tomm Kristiansen på laget.

– Stardalen Mannskor og Trygve Apalset ville lage ein genuin julekonsert med utgangspunkt i julekonserten dei hadde i fjor og mine afrikanske tekstar. Resultatet vart heilt nye tekstar tilpassa songane som skal framførast av koret og sopran Synnøve Nordvik. Det blir eit attkjenneleg møte mellom himmel og jord. Det blir veldig jul, men med litt andre fargar enn du hadde rekna med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette seier Tomm Kristiansen, 71-åringen som for mange er mest kjend som «stemma frå Afrika».

Frå framande himmelstrøk

I åtte år, fordelt på to periodar, var han NRK sin korrespondent på det afrikanske kontinentet, og han har budd i Afrika i ti år. Tidleg i desember skal han og Stardalen Mannskor turnere i Sunnfjord og Nordfjord med julekonserten «Lys til nattsvart jord».

Kristiansen sine forteljingar skal binde saman dei ulike songane – kjende og kjære julesongar – men også nokre meir ukjende songar frå framande himmelstrøk.

– Eg reiste til Afrika som NRK-korrespondent, men når du bur der i så mange år møter du også menneske som lever i den afrikanske naturen og i den afrikanske kulturen. Du møter menneske som slit. Du sit ved eit bål når sola har gått ned. Det er vakkert når du høyrer både nattfluger og dei mange historiene. Eg har også møtt kyrkja i Afrika og høyrt evangeliet på heilt andre måtar enn her heime, seier mannen som har 30 års fartstid i almennkringkastaren.

– Det har vore ein prosess som har gått over eit halvt år, og resultatet blir ei juleforteljing folk ikkje har høyrt før, seier Tomm Kristiansen.På biletet er Kristiansen i Victoria Falls i Zambia. Foto: Privat.

Tre konsertar på tre dagar

Dette var bakteppet då han tok utfordringa frå koret som har basen sin i Stardalen i Jølster, og som samlar korveteranar både frå Jølster og Gloppen. Trygve Apalset er dirigent og musikalsk leiar for «Lys til nattsvart jord». Koret, sju musikarar og sopran Synnøve Nordvik skal gjennomføre tre konsertar i like mange kyrkjer i Sunnfjord og Nordfjord. Helgheim kyrkje er først ut torsdag 9. desember. Kvelden etter inntek dei Vereide kyrkje i Gloppen, og laurdag 11. desember blir turneen avslutta i Førde kyrkje.

– Kvifor takka du ja til dette oppdraget?

– Eg har samarbeidd med Trygve før, og samarbeidet har fungert så godt at eg stolar på han. Dagens julekonsertar er blitt ein industri for den solide juleromantikken. Han og koret ville lage ein genuin julekonsert med utgangspunkt i forteljingane mine frå Afrika. Tekstane er tilpassa dei songane som skal syngast under konserten, seier Tomm Kristiansen.

– Ei juleforteljing ingen har høyrt før

– Kva har vore viktig for deg å formidle?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore ein prosess som har gått over eit halvt år, og resultatet blir ei juleforteljing folk ikkje har høyrt før. Det blir veldig jul, men med litt andre fargar enn du reknar med, seier mannen som flytta tilbake til kona si i Cape Town då han vart pensjonist i 2020.

Men alt i mars same året flytta han heim til Noreg på grunn av koronapandemien.

Skal ikkje synge ein tone

Kristiansen har ei fortid som korsongar, og var ein av dei som etablerte det første ten-sing koret i Noreg, Bergen ten-sing, i 1967.

– Men eg lovar publikum at denne gongen skal eg ikkje synge ein tone. Den jobben gjer koret og solisten. Jobben min er å formidle tekstane som skal knytte songane saman, seier Kristiansen.

– Har du gjort noko liknande før?

– Eg laga ein konsert saman med Stein Erik Tafjord i Brazz Brothers for ti år sidan. Det var ein miks av afrikanske melodiar og mine tekstar. Det er vel det som ligg nærmast opp til dette, seier mannen som fekk Kringkastingssjefens språkpris i 2020.

– Dette blir veldig vakkert

– Dine forventningar til konsertane?

– Eg har ikkje prøvd dette ut, men har heile tida tenkt at det skal vere ordentleg. Difor er eg veldig spent og skal vere konsentrert. Men eg veit at dette blir veldig vakkert, seier NRK-veteranen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikalsk er konserten nesten den same som koret framførde i fjor. Den gongen gjorde koronarestriksjonane at dei berre fekk plass til 50 menneske i kyrkjerommet i Vassenden kyrkjesenter og Vereide kyrkje.

Kjensleladd

– Vi fekk mange gode tilbakemeldingar etter fjorårets konsert, og har lyst å framføre den igjen, denne gongen vonaleg med fullsette kyrkjer, seier prosjektleiar Steinar Sægrov.

Største endringa er at Tomm Kristiansen blir sentral med forteljingane sine.

– Eg trur at både vi og publikum vil få ein spesiell og kjensleladd julekonsert, seier Sægrov.