Magni Aa Berge heldt tale i Runnevang på Rygg i dag.

Magni løfta fram historier frå krigen i si tale

Ungdom i Forsvaret, ein slektning i konsentrasjonsleir og mormora sin prolog på frigjeringsdagen var noko av det Magni Aa Berge fokuserte på i si 17. mai-tale i Runnevang. 

"Kjære sørstrendingar, takk for invitasjonen og gratulera med dagen alle saman. For dei som ikkje kjenner meg så er eg Magni Aa Berge, 50 år, frå Hyen, lærar, tidlegare politikar og for alltid distriktsentusiast. Eg har både vener, kollegaer og andre kjende her på Sørstranda. Nokre av dykk treff eg mest på sosiale medium der vi i lag prøver å influense folk til å bli heftig begeistra for Vestland, Nordfjord, helst Gloppen og for min del ofte Hyen. Å vise fram at vi er engasjert i lokalsamfunnet, nyttar oss av naturen, eller godtar oss med det gode livet på bygda kan kanskje vere reklame eller vi kan i alle fall begeistre kvarandre med kor vakkert det er og kor fint vi har det her. Det bygger opp under fellesskap og tilhøyrsle.

Vi kunne ikkje fått betre kulissar for å feire sjølvstende, fridom og grunnlov enn det vi har i dag. Vi veivar med flagga og er fri! Eg likar å leve i eit demokrati, eg set pris på det sjølv om det til tider er både tungrodd, byråkratisk og irriterande. Vi feirar demokratiet i dag, og det er absolutt ikkje ein sjølvsagd ting. I vår har det vore markeringar for at det er 85 år sidan krigen starta og 80 år sidan den slutta. Dette er naturlege ting å vere innom på ein 17.mai, for under 2.verdenskrig var det verken sjølvstende eller fridom her i landet , og grunnlova vart sett i dvale.

Korleis er dette relevant for oss 80 år etter? Eg dreg inn litt personlege relasjonar i mi tale, då kan de vere visse på at ein robot, KI eller AI ikkje har skrive denne tala i alle fall. Men eg meiner og det er kvar slekt si plikt å ta fram dei historiene vi har, og formidle dei til nye generasjonar.

For mange av oss har krig kanskje aldri før lege so langt framme i pannebrasken som det gjer akkurat no. Verdssituasjonen bekymrar oss. Det er uvant, for mange er kanskje den største bekymringa ein har hatt dei siste åra slikt som at ein må endre ferieplanar på grunn av vêret, eller andre trivielle ting. No har vi fått ekte bekymringar, verdssituasjonen er uføreseieleg.

Det er ei opprusting på gong her i landet. Sjølv har eg ei dotter og snart ein son i uniform. Forsvaret er viktig, eg likar tanken på at vi til ei viss grad både kan vere sjølvberga og forsvare oss, og eg trur militære er bra for ungdomane. Dei får øvd på å takle motgang og ta ansvar, dei må bu og jobbe i lag med folk som er veldig ulike seg sjølve, og dei lærer å stå opp for kvarandre.

Det er fleire og fleire ungdomar med psykiske problem. Kanskje kan forsvaret hjelpe dei unge til å sjå seg sjølve i ein større samanheng? Vi lever i ein vestleg kultur der individet har stor plass, og det er stort fokus på at enkeltmennesket sine følelsar skal få spelerom. Dotter mi Matilde var forundra over kor lite fokus forsvaret har på individet, der er det gruppa som er viktig, og di rolle for gruppa sitt beste. Ein dag vart det oppdaga at 6 rekruttar i ei stor gruppe ulovleg hadde tatt med seg mobilar på oppdrag, desse vart erstatta av 6 pallar som gruppa så måtte drakse med seg på heile resten av oppdraget. Nokon lærte ei lekse av det.

Dei unge er minst like ressurssterke og kloke no som før, men ei oppmoding eg las frå forsvaret var at ungdomen måtte vere mindre på treningsrom og meir på fjelltur. Den oppmodinga får vi ta med oss inn i ferieplanlegginga. Tydelege fenrikar er bra, og dei fleste ungdomar likar eigentleg at ein har forventningar til dei. Vi må oppdra ungane med både varme og tydelegheit, og hugse at det ikkje er anten eller, eit pedagogisk hjartesukk er at eg opplever at ein del fagfolk snakkar om varmen og gløymer tydelegheita. Då blir det frykteleg travelt å vere både foreldre, lærarar og ungdom. Ja takk, begge deler! Psykologen Hedvig Montgomery er ei som stadig har kloke betraktningar. Ho sa på ein debatt eg såg ein dag at vi må få ungdomen til å føle at det er bruk for dei. Det kjennest kanskje fint for ungdom at det er bruk for dei til noko så viktig som å forsvare landet. Matilde sin motivasjon er at den beste tryggleik mot krig er at ein har eit godt forsvar. Og så får vi ignorere dei som kallar det krigshissing.

Når ein markerer 80 år sidan krigen starta er det mange skjebnar som blir trekte fram. Eg vil fortelje om ein som kjennest nær for meg. Mannen min sin bestefar, ungane mine sin oldefar, Sigurd Berge var politimann i Odda når krigen kom til Norge. Han var og i Heimefronten og Milorg. Han blei arrestert kl 04 om morgonen den 16.august 1943. Det banka på heime hjå Sigurd, kona Laura og 2 år gamle Roald (svigerfar) og der var 3 maskinpistolmunningar, og to til stod ved soveroms- og stoveglasa. I lag med 270 andre norske politimenn nekta han å bøye nakken for tyskarane og dei norske quislingane. Dei var rakrygga antinazistar – og sjølv med trussel om umiddelbar henretting svarte dei blankt nei på å skrive under på eit dokument der dei skulle erklære seg som lojale tenarar for det nazistiske terroregimet.

Ferda gjekk til Bergen Kretsfengsel, så til fangeleir på Espeland, til Grini og deretter med fangeskipet Donau til Danzig i Polen der dei vart sett i konsentrasjonsleiren Stutthof. Dei blei brotne ned psykisk og fysisk.

Når vi er på besøk med besteforeldre på Sotra kan vi sjå ein kvit stor kopp med dei karakteristiske SS-bokstavane i botnen som står på ei hylle. Den hadde Sigurd i fangeleiren til å ete kålsuppe i omtrent kvar dag. Han hadde og skrive minnebok i leiren. Den er sterk kost å lese. Han jobba blant anna i krematoriet. Dei opplevde dagleg terror, dødeleg vald, skyting og henging av fangekameratar. Mykje av dette er umogleg å forstå, og han snakka aldri om det når han kom heim. Eg skal ta med nokre skildringar frå minneboka.

Palmesøndag 25.mars «Pent vær. Arbeidet i kålrabiåkeren om formiddagen. Stadi fly i aktivitet over oss og stadig fly over leiren. Ved 4-5 tiden slippes bomber så nær blokk 5 der vi har bodd og dreper minst 5 og sårer mange. Fly og luftvernet utfører de hissisgste dueller over våre hoder. Om kvelden er også artelleriet vest for oss i aksjon. Man har igjen følelsen av å bære livet i hendene. Hellet må være med oss fortsatt om vi kommer gjennom dette, som ventelig vil fortsette en tid.»

26.mars «Arbeidet i Waffenkommando. Ustanselige forsøk hele formiddagen på å holde seg i skjul og dekning. Flere bomber sluppet over leiren. Disse forholdene kan ikke vare lenger. Håper på en rolig natt. I det dette skrives springer en bombe utenfor, visstnok inne i leirområdet. Dette er i så fall ubeskrivelig trist. Livet henger fortsatt i en tråd som blir tynnere og tynnere etter hvert synes det. Håper den gode makt holder sin hånd over oss alle. God natt, god natt Laura og Roald.»

So er det lysglimt, og vi får høyre kor viktig kultur og samhald er i sånne situasjonar.

31.mars Påskeaften. «Meget gode nyeheter som bl.a forteller at flyveblad er nedsluppet over leiren med beskjed om at leiren ikke vil bli bombet eller beskutt uten at det skulle finnes militære mål. Kunstneren Eivind lunde sang akkompagnert av Petter på fiolin mange vakre kjente sanger.»

Medan Sigurd var i leiren havna han på sjukehus med vatn på lungene. Det vart tappa ut utan bedøving, og det gjaldt å komme seg opp og i arbeid, det var kort prosess med dei som vart liggande i sjukehussenger.

14.april «Min gebursdag. Rolig natt og dag ved fronten, så vidt det høres. Lite flyaktivitet. Ikke arbeidet, men gjort forgjeves forsøk i Stutthof på å skaffe smør. Fikk kjøpt litt tobakk. Spist kjøtt og kjøttsuppe til kvelds. Det var deilig, og riktig god og mett i kveld, det beste på lange tider. Det holder seg kaldt og nordavind. Mon tro hvordan Laura og Roald har det? Jeg er viss om at de ofte har tenkt på meg disse to dager. Det er gjensidig herfra. Så begynner jeg på mitt 42. år, Laura på sitt 36.år. God natt begge to. Jeg kommer snart hjem, tror jeg, eller håper jeg. Så tar jeg en snadde og et glimt av bildet og legger meg».

Alle personlege eigendelar måtte dei gje frå seg når dei kom til leiren, men han klarte å gøyme ei lita skinnmappe (den ligg og i veggseksjonen) med bilde av sonen Roald og eit samanbretta norgeskart og diktet If av Rudyard Kipling. Diktet var viktig for han heile livet, det gav støtte og håp.

 

Hvis

Hvis du kan bli på post når man forlot deg, og holde hodet klart når alt slår klikk, hvis du kan tro når alles tvil står mot deg, men også våkent lytte til kritikk; hvis du kan gå i ventetidens lære og møte løgn – med sannhet som ditt svar, og møte hat – du ikke selv vil nære, men tie med hvor klok og god du var.

Hvis du kan ferdes fritt på tankens veier, og drømme – uten selv og bli fordømt, hvis du kan møte nederlag og seier som to bedragere du selv har dømt; hvis du kan tåle at ditt ord forvrenges til usselt pjatt i demagogens munn, hvis du kan se ditt livsverk søndersprenges og atter bygge det på naken grunn.

Hvis du kan våge alt på samme terning – et enkelt kast på livets spillebord – og tape alt – og gjenoppta din gjerning, men aldri nevne tapet med et ord; hvis du kan ta din tørn og ikke gi deg, men sette inn hver fiber i din kropp og holde ut når alt forstummer i deg unntagen viljens røst: «gi aldri opp!»

Hvis du kan si til massen hva du mener, og selv blant konger være den du er. Hvis du er alles hjelper, ingens tjener, og venn og uvenn står deg like nær; hvis du kan fylle hvert minutt av tiden med seksti solsekunder, – da, som lønn er jorden din med alt som finnes i den, og – enda mer – du er en mann, min sønn!

(Diktet «IF» gjendikta til norsk av Andrè Bjerke)

 

Kontrasten var stor og gleda enorm når krigen tok slutt. Som ei påminning i høve at det er 80 år sidan krigen enda så skal eg ta med eit anna minne frå nær familiehistorie.

Eg veit at mange er opptekne av slekt, så eg skal raskt gi eit overblikk. Slekta mi er nemleg organisert på ein veldig ryddig og oversiktleg måte. Søstera til bestemor mi Magnhild gifta seg med broren til bestefar min Olav Aa, søstera til mormor Martha gifta seg med bror til morfar min Bjarne, og jammen er ikkje mor mi Edit og søster Gerd gift med to brør Anton og Tor Øyvin. Når eg kom med ein Bergensar inn i slekta, så trur eg det var på tide med litt blod utanfrå. Men Hyar blir han ikkje med det første, det er nemleg ikkje lett å få nemninga Hyar. Sjølv meinte han at når han har budd her i 20 år, lenger enn nokon annan plass, vore leiar i 17.mai komiteen og sprunge for Hyen på Breimstafett, så måtte han vel vere inne i det gode selskap, men det tvilar eg på. Han er framleis han Bergensaren. Reknar med de ikkje deler ut lokaltilhøyrsle billeg her på Rygg eller elles på Sørstranda heller. Det er trass alt farleg å la det gå inflasjon i gjeve titlar.

Men altså, Mormor Martha var fødd Aa (og var søstera til han vi kalte «Ola i føssa», faren til Jan Otto Aae.) Ho møtte store utfordringar i livet, ho miste mannen sin Bjarne tidleg og hadde sju born i alderen 4-16 år, hus som skulle betalast og jobba hardt. Ei tøff dame som vart 92 år, og hadde det trygt og godt på Løkjatunet – bufellesskapet i Hyen dei siste åra. Eg skal lese ein prolog ho skreiv og framførte i Hye-kyrkja på frigjeringsdagen i 1945. Det var stort for ho å stå der å lese noko sjølvlaga, ho var 25 år då. Han som skulle bli mannen hennar var med i krigen, og ho hadde brør i teneste dei ikkje hadde høyrt i frå i lenger periodar.

Her kjem prologen:

Så kan vi åpenlyst feire vår fihetsdag, men tankane fer i eit einaste jag

Tilbake til den farne tida som heldigvis no er overskrida

Tenk no har den vara i fem år, frå 1940 då det var vår.

Då fekk vi bodet og disharmonien, og sidan fortsette den lange striden.

Og den fienden som var så fæl, stal seg inn i Mor-Norges sjel.

Vi med eitt liksom slegne vart, at dei kom direkte føltes rart,

ein fekk mest ikkje til å tenkja, at forfedrene sat mellom oss lenka.

Men då mobiliseringsordren kom, og i heimen vart tome rom

Då gjekk det opp for alle at landet i fiendemakt var falle.

No tok til dei dagar tunge, i heimen sakna vart sårt dei unge.

Folk var i spenning både dag og natt, skal vi måtte ofre vår kjære skatt?

Ei skodde mørk over landet låg for ungdom som vonfullt mot framtida såg.

No fekk vi lære kva fridom var, og likeeins med eit forsvar.

Ikkje alltid så mykje på fridom vi tenkte, men no stod det for oss i minne og blenkte.

Eit einaste ønskje for alle var, å få fridom i staden for fiendemakt så hard.

Alt som var godt vart no stengt inne, dei beste tankane kunne ikkje utsprang finne.

Skulle ein gjere det som var rett i grunnen, ein vart blant dei arresterte funnen.

Ein gjekk liksom med den stadige otten, i morgon er det kanskje eg som blir «botten».

Og slikt som nestekjærleik fans visst ikkje, ein kom som i gapet på glupande bikkje.

Men folk tok ein dag om gongen, og laga tonar for lengten og fedrelandstrongen.

Det var nok hardt for mange å teie, når ein såg kor det gjekk på avveie.

Men skulle ein seie ei sant alvorsord, då vart det pina og straffa så stor.

Det var nok ofte motlause tider, når ein tagal laut sjå kor mange laut lide.

Men av kjærleik til det som var rett og slekta, dei tunge vart når dei kom på vekta.

Folk lærte no å vere nøgde i det små, om ein endå sat gøymd i eit bortgøymd krå.

Eit lyspunkt for alle var krigens ende, når ein til sine eigne seg vende.

Og no har vi opplevd denne dag, då friheten kan slå eit slag.

Ein føler det mest som ein drøymer, og førekrigsåra på oss strøymer.

Skal vi no igjen få den gode tid, føler vi oss alle så takksam og bli.

Atter er kjærleiken komen fri, ein slepp lenger med våpen å stri.

Og meir enn før er broderhanda varm, ein gjerne vil utslette usemje og harm.

Dei allierte landa no fastare er knytte, då ingen av landa vart sundebytte.

Ja, følelsar for tida ein kan ikkje tolke, ei einaste djup glede hjå heile folket.

Så inderleg takksame vi alle er, fordi vi atter fridom fer.

No kan vi heilt få blømingstida nyte, og kraftsmell for dagen vi gjerne kan skyte.

No skal vi feste med jublande tonar, så fedrelandssongane i fjella ljomar.

For no slepp vi lenger vår fridom å borge, og lenge leve håpet, vårt frie Norge.

Marta Heimsæter

 

Kvinner har også gjort uvurderleg innsats for landet, men ofte på andre arenaer og måtar enn menn. Medan mange kulturar meiner at kvinner høyrer til ved kjøkkenbenken så har Norge no bestemt at kvinner høyrer til rundt styrebordet. Sinte menn eg har høyrt likar ikkje at staten vil bestemme kven som skal sitje i deira styrer. Men vi er komen lenger enn på Eidsvoll når ingen kvinner fekk vere med der det skulle bestemmast. I 2014 kom det eit tillegg i §98 i Grunnlova at «Kongen skal fremme likestilling mellom kjønnene». Og det har kongen, eller staten då, gjort med ei ny lovbestemming i aksjelova om kvinner i styrer.

Dersom kvinner blir haldne utanfor posisjonar på grunn av kjønn, er det ikkje berre eit demokratisk problem, men kan og vere eit tap for selskapet. Det kan vere lurt å velje styremedlemer utifrå 100% av befolkninga, ikkje berre frå halvparten. Når kvinner får plass ved styrebordet, styrkjer det demokratiet fordi fleire røyster blir høyrde. Kvinner og menn har ofte ulike erfaringar og synspunkt. Forsking på dette viser at ein kan få breiare perspektiv, vidare diskusjonar og betre avgjerder der kvinner også er med. Bedrifter og organisasjonar som speglar mangfaldet i samfunnet får ofte meir tillit frå politisk miljø, kundar, tilsette og publikum. Mangfald kan auke innovasjon, og statistikk viser at kvinner tek meir kontrollert risiko og mindre overdriven og uansvarleg risiko. Mange er no, frivillig eller ikkje – ute etter kvinnelege styrekandidatar. Då må kvinner seie ja!

Eg kjenner to damer som utvikla eit team til gode prestasjonar ved å bygge kompetanse og god lagånd i fleire år. Når laget etter kvart nådde imponerande resultat fekk dei høyre at no var det kanskje på tide at ein mann tok over for vidare utvikling. Vi har altså ikkje nådd heilt i mål sjølv om kongen og staten gjer sitt.

Rettssystemet er ein viktig del av grunnlova. Alle skal dømmast likt og ha krav på rettferdige rettssaker, ikkje berre dei rike. Men so må vi ikkje komme inn i USA-tendensar når det gjeld å saksøke kvarandre eller staten. Det er rimeleg å ha høge forventningar til vaksne folk og jobben ein gjer, legar, kokkar, lærarar, journalistar. Men det er blitt eit behov for dokumentasjon for å ikkje bli stilt til veggs som er lite rasjonelt for å drifte samfunnet på ein tenleg måte. Vi føler oss krenka og forulempa over ein lav sko. Samtidig les vi i avisene at vi ikkje møter opp til operasjonar eller har gløymt å faste så ein må avlyse planlagde inngrep, ein heil stab med helsepersonell blir ståande utan å få gjort det dei skulle. Då kan vi ikkje klage over ventelister. Å føde på ei fødestove er eit privilegium ikkje alle kvinner har. Kanskje vi av og til gløymer kor heldige vi er.

I dag feirar vi den store fridomen, og då er veldig dumt å avgrense annan type fridom for kvarandre. Vi må få vere ulike, og respektere ulikskap. Eg tykkjer prideflagget er viktig. Eller den vesle fridomen til å få velje farge på bunadsskjorte sjølv. Vi har 2,5 millionar bunader til 30 milliardar kroner i skapa i dette landet. Folk må få lov å føle seg fri til vere tradisjonelle eller bunadcrazy, å arve, kombinere og gå med det ein føler seg fine i når vi feirar fridomen. Det er lett å bli høge på moralpæra om vi gjer noko vi tykkjer er bra som ikkje alle andre gjer. Vi er fri til å velje kva kjepphestar vi vil ri, kva vi vil tru og meine og kjempe for, og så må vi tolerere at ikkje alle er like og tenkjer likt. Det er og fridom. Og hugs at det er slett ikkje sikkert at nokon har rett fordi om dei er skråsikre. Eit uttrykk eg har høyrt er at du ikkje skal klandre andre for å synde forskjellig frå deg sjølv. No er dette med synd og Gud kome litt i bakgrunnen, men det er likevel rikeleg som vi driv og gjev kvarandre dårleg samvit for, vi gjer kvarandre ufri. Gud er forresten bytta ut med Greta Tunberg nokre stader. På eit hotell i Bergen eg var på stod det over kjeldesorteringa – «Sorter søppla, Greta ser deg».

I dag skal vi minnast, at vi er heldige og at nokon har tatt jobben og lagt grunnlaget for at vi skal vere fri og ha det bra her i landet. Grunnlova er dette grunnlaget. Vi skal bruke denne dagen til å juble for det som samlar oss, og minne kvarandre på alt vi har å vere takksame for, ta ein fot i bakken og snakke om korleis det står til. Nasjonalkjensla og bunad og flagg er viktig og fint, men kanskje er dei viktigast å snu oss mot ein slik dag dei som har andre klesdrakter og historier. Dei kan hjelpe oss med å forstå kor heldige vi er i denne delen av verda. Og så må vi ikkje gløyme, men ta vare på fortelje vidare desse viktige beretningane vi har i familiane frå den gong det var krig, og håpe av heile vårt hjarte at vi slepp å få nye slike historier. Det har vore fint å vere her og dele tankar med dykk. Og det er fint å sjå at 17.mai på Rygg er eit fellesskapsprosjekt. Takk for meg!"

Powered by Labrador CMS