Redaktør Anne Kristin Moe i Sætastova frå Loen. Smørkanna vart logoen til Nordfjord Folkemuseum. Foto: Thomas Bickhardt.

Lanserer jubileumsboka torsdag

Torsdag 2. desember lanserer Nordfjord Folkemuseum og Museumsforlaget jubileumsboka «Nordfjord Folkemuseum i hundre år».

I boka er det samla artiklar om mange av dei historiske bygningane på museet saman med nyskrivne artiklar om historia til museet og sentrale personar som har prega henne.

«Nordfjord Folkemuseum i 100 år» vert lansert på museet 2. desember.

Flytta til Jølet i 60-åra

2020 markerte hundre år sidan friluftsmuseet opna med seks antikvariske bygningar i Åsen på Sandane. I 1960-åra vart bygningane flytta til eit større område, Jølet, der museet held til i dag. Samlingane har vakse, og i dag forvaltar museet over 40 hus og ei stor samling av gjenstandar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe, er redaktør for jubileumsboka og har skrive ein lenger artikkel der Nordfjord Folkemuseum vert sett i lys av norsk museumshistorie.

Nordfjord Folkemuseum vart på 1960-talet flytta frå Åsen til Jølet, der museet er i dag. Foto: Nordfjord Folkemuseum.

– Eit nytt konsept

– Då ein byrja å snakke om eit museum for Nordfjord Folkemuseum tidleg på 1900-talet, var folkemuseum eit rimeleg nytt konsept. At lokal identitetsbygging var eit viktig aspekt ved museumsverksemda, og det å ta vare på og vise fram slikt som var i ferd med å forsvinne, var ikkje vanleg for musea på den tida, fortel Moe.

Fleire av dei første musea sprang ut av private samlingar.

– Her i Nordfjord var ikkje det tilfellet. Initiativet kom ut frå eit konkret ønske frå bygdene i Nordfjord, fortel museumsleiaren.

Byggjeskikken i Nordfjord

Også sentrale personar i Nordfjord Folkemuseum si historie har fått eigne artiklar i boka. Ove Eide har skrive om tidlegare museumsstyrar Petter Eide, og Eva Marie Felde har skrive om dei mangeårige museumsleiarane Knut Sande og Aslaug Nesje Bjørlo.

I dei andre artiklane er det først og fremst bygningane i friluftsmuseet som står i fokus.

– Byggeskikken i Nordfjord er ikkje spesielt kjend nasjonalt. Mitt ønske er at vi gjennom boka får formidla trekk som karakteriserer tradisjonen vår, samstundes som at ein kan fordjupe seg i dei einskilde bygningane, seier Moe.

Boka blir presentert

På lanseringa vil museet presentere og opne for sal av boka. Det vil også bli fortalt litt om museet si historie, det blir lett servering og kunstnarisk innslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Museumsbutikken er open med sal av tradisjonell julepynt. Det er òg mogleg å sjå årets juleutstilling om nissen som kulturell figur denne dagen.

Annonse.