Kom trygt i hamn med jubileet

Det blei ei triveleg reise i Jeremias Henden si verd då Jeremiasfestivalen inviterte til jubileumskonsert i kultursalen i Trivselshagen.

Glopparen Jeremias Henden (1879-1923) var slåttekomponist, felespelar og anleggsarbeidar, og i 2012 starta eldsjeler i folkemusikkmiljøet i heimbygda hans Jeremiasfestivalen til minne om han og musikken hans.

Den tiande festivalen starta med kveldssete i Karnilstunet torsdag kveld, heldt fram med Kviven Duo på Gloppen Hotell fredag og gratiskonsert for born på Gloppen folkebibliotek laurdag, før det heile blei avslutta med jubileumskonserten laurdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviven Duo, Britt Pernille Frøholm (t.v.) og Jorun Marie Kvernberg, var ein sentral del av den tiande Jeremiasfestivalen. Dei hadde konsert på Gloppen Hotell fredag kveld og var sjølvsagde aktørar på jubileumskonserten laurdag.

Mange talent

På jubileumskonserten blei ein del av Jeremias Henden sin musikk presentert, og publikum blei betre kjende med mannen som hadde svært mange talent, men som levde eit rastlaust liv, arbeidde på mange anlegg og flytta svært mykje.

– I heimbygda mi, Ålen i Trøndelag, er Jeremias Henden omtala som ein som var uhyre flink til å spele på fele, ein som verkeleg kunne å handtere instrumentet, fortalde konferansier for kvelden, John Ole Morken.

– Var sjef på scena

Han omtala Henden, som berre blei 44 år, som ein entertainer som levde eit kontrastfylt liv.

– Han var sjef på scena, men hadde kanskje ikkje like stor suksess på heimebane. Han levde livet og var ei rastlaus sjel som alltid skulle vidare. Han var fleire gongar i kontakt med «Lova sin lengste arm», og døydde av lungebetennelse i Norheimsund. Han blei sjuk etter å ha lagt seg under ein båt fordi han ikkje kom inn på losjiet, fortalde Morken.

Urframføring

Konferansieren slo fast at det er mykje fint i Jeremias Henden sine komposisjonar.

Noko av det han laga, har overlevd i folkemusikkmiljøet i Trøndelag og har ikkje vore kjent i Nordfjord tidlegare. På jubileumskonserten spelte Morken mellom anna ein Henden-vals på trollstilt fele, ei framføring han drista seg til å omtale som urframføring.

– Valsen har kanskje vore spelt for veldig lenge sidan, men det gløymer vi no, smilte Morken og drog i gang.

«Sulitjelmagaloppen»

I tillegg til Jeremiasorkesteret, sett saman av profesjonelle musikarar og lokale amatørar, bidrog Kviven Duo, beståande av Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg, på konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Distriktsmusikarane i folkemusikk i Sogn og Fjordane spelte ei sentral rolle i kultursalen. F.v. Marin Stallemo Bakke, Malin Alander, Ole Nilssen og Ingrid Stuhaug.

Det gjorde også fire distriktsmusikarar innan folkemusikk i Sogn og Fjordane. Dei framførte mellom anna fleire songar laga av folkesongaren Malin Alander frå Sandane.

Det heile blei avslutta med at Jeremiasorkesteret framførte Jeremias Henden sin signaturlåt «Sulitjelmagaloppen», laga den gongen han søkte om arbeid i gruvene i den vesle tettstaden Sulitjelma i Nordland.

Ikkje uventa vart det eit høgdepunkt og eit verdig punktum for konserten.

Positive tilbakemeldingar

Styreleiar Svein Hjellbakk er godt nøgd med gjennomføringa av Jeremiasfestivalen 2021.

– Så langt vi har registrert, har det gått veldig bra. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå publikum, seier han, utan å leggje skjul på at publikumsoppmøtet godt kunne ha vore større:

– Vi hadde ønskt det skulle kome mange fleire, det var god plass på alle framsyningane. Men det skjer mykje i Gloppen, koronasmitten har blomstra opp att, og vi er klar over at vi opererer på ein smal veg. Folkemusikken er ikkje inne i ei oppblomstringstid, i alle fall ikkje her i kommunen.

Godt grunnlag

Hjellbakk fortel at dei ut frå førehandssalet var usikre på kor mange som ville kome på jubileumskonserten.

– Vi var skeptiske, men heldigvis kjøpte ein god del billett i døra. Vi er veldig godt nøgde med laurdagen, konstaterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil ikkje seie så mykje om festivalen si framtid, og om det blir ti nye år.

– No skal vi først evaluere, men det blir heilt sikkert ikkje noko 20-årsjubileum med oss som sit i styret no. Vi får sjå kva vi landar på. Eg håpar festivalen vil halde fram på eitt eller anna vis. Det er lagt eit godt grunnlag desse ti åra, men vi er nøydde til å få inn nye og kanskje litt yngre krefter. Det vil absolutt vere positivt for musikklivet i kommunen om Jeremiasfestivalen lever vidare, understrekar Svein Hjellbakk.

Den meritterte folkemusikaren John Ole Morken frå Ålen i Trøndelag blei tidleg kjend med Jeremias Henden sin musikk. Han var konferansier på jubileumskonserten.