I Gloppen Musikkfest spelar profesjonelle musikarar side om side med både kulturskuleelevar, Firda-elevar og lokale musikarar gjennom fleire arrangement i løpet av festivalveka.

– Heilt fantastisk å kunne vere midt inne i ein så kreativ gjeng

For sjefen i Gloppen Musikkfest, Ola Skarstein Tennes, har musikken alltid vore ein stor del av livet.

– Eg såg alltid opp til dei som gjekk på musikklinja på Firda.

Fødd og oppvaksen på Sandane, starta han tidleg i Gloppen kulturskule, der han gjekk i lære innan klassisk gitar i mange år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vandrande reklame

Ola og andre musikkinteresserte barn og unge på Sandane, beit seg fort merke i dei spennande musikklinjeelevane i bygdebiletet, dei var lette å legge merke til.

– Ein såg alltid kven som gjekk på musikklinja, dei var hakket kulare og annleis kledd enn dei andre Firda-elevane. Dei fungerte som eit reklamevindauge for musikklinja, smiler Tennes.

– Eg tenkte veldig tidleg at «Der vil eg gå!»

Som tenkt så gjort, og i 1997 starta Ola på Firda vidaregåande skule og vart sjølv ein del av dei «kule og annleise». Den unge mannen stortrivst og sette pris på å vere midt i eit kreativt miljø.

Midt i det kreative

I klassa hans gjekk det 24 entusiastiske elevar, der 20 kom frå andre stadar i fylket.

– Det var heilt fantastisk å kunne vere midt inne i ein så kreativ gjeng, med så mange nye folk lett tilgjengeleg å få spele og dele musikk med.

Nokre av dei beste minna han har frå denne tida er frå då han og medelevane møttest etter skuletid for å spele og øve på skulen, gjerne seint på kvelden, og utover natta.

– På den tid var ikkje Open skule starta opp på Firda, men vi på musikklinja praktiserte open skule uansett. Vi hadde nøklar og kunne spele midt på natta om vi ville.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ola Skarstein Tennes tok over som dagleg leiar for Gloppen Musikkfest hausten 2021.

Inspirerande

Læringskurva var bratt, og Ola fekk nye impulsar kvar dag. Då han starta hadde han så vidt byrja å skrive sin eigen musikk.

– Vi høyrde på veldig mykje ny musikk, og vart inspirerte av kvarandre. Det var ein enorm kreativ boost for mitt musikalske sinn, fordi ein var i miljøet heile tida, seier han.

Det var som ein draum å kunne ha skuletimar som krinsa rundt det han hadde halde på med på fritida.

– Lærarane var så inspirerande, og prosjekta som musikklinja hadde var veldig spennande. Sjølv om mitt hovudinstrument var gitar, og eg spelte i eit rockeband, så stod eg plutseleg og song i eit oratoriekor saman med Nordfjord Oratoriekor og fullt orkester. Plutseleg kunne ein, som 16 - åring, dei store, klassiske verka ut og inn, smiler han.

– På denne måten fekk vi prøve oss på mange ulike sjangrar og scener, det var utruleg gjevande.

I Gloppen Musikkfest spelar profesjonelle musikarar side om side med både kulturskuleelevar, Firdaelevar og lokale musikarar gjennom fleire arrangement i løpet av festivalveka.

Den klassiske musikken

Etter at dei tre åra på Firda var over, flytta Ola frå Sandane. Først til Bergen, så til Oslo, der han budde i 15 år. Musikken hadde han med seg, og han skreiv og framførte eige materiale på fritida. I dag har han fleire utgjevne singlar under beltet.

For to og eit halvt år sidan vart likevel saknet etter heimstaden for stort, og i dag bur han med kone og barn på Sandane.

Bagasjen frå Firda har han hatt i sekken heile tida, og har opna opp fleire dører for han. Hausten 2021 tok han over jobben som dagleg leiar for Gloppen Musikkfest, ein av få kammermusikkfestivalar i Sogn og Fjordane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein av tinga eg har fått med meg frå Firda, er fleire inngangar til klassisk musikk. Ofte treng ein nokre knaggar og verktøy for å skjønne kva ein høyrer, og for å ta det eit steg vidare, understrekar han.

Engasjementet til lærarane hadde mykje å bety for dette. Musikkteori og historie, teknikk og satslære, alt var viktige moment for Ola til å komme tettare på klassisk musikk, noko som han dreg nytte av i jobben sin i dag.

– Interessa for klassisk musikk vart vekt der.

Ein institusjon

I dag samarbeider Ola tett med den gamle skulen sin.

– Musikkfesten har heile tida som mål å kople på lokalsamfunnet. Og samarbeidet med Firda har og er heilt avgjerande for å kunne gjennomføre ein festival av ein slik storleik her på Sandane, slår han fast.

Både Gloppen Musikkfest og andre lokale festivalar nyttar seg av lokala og kompetansen på skulen og i Trivselshagen, og mange av musikklinjeelevane stiller på som frivillige både før, under og etter festivalveka.

– Firda er ein institusjon, og vi føler oss heldige som har denne skulen her i vårt distrikt. Skulen stiller med eit kontinuerleg kreativt miljø, som stadig er i utvikling. Å ha det så tett på, det er eit privilegium. Det er spennande å følgje musikklinjeelevane, frå ferske førsteklassingar til avgangselevar, frå kort til langt hår. Firda gir ein evig tilførsel av kreativitet i nærmiljøet, og akkurat det trur eg smittar over på oss andre, smiler festivalsjefen.