Mange kommunar må no kutte i eigedomsskatten. – Beklageleg, meiner KS-leiar Gunn Marit Helgesen. Arkivfoto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

KS: Kutt i eigedomsskatt kan gi kommunar opp til 900 millionar kroner i tap

Kutt i eigedomsskatten frå sju til fire promille vil gi kommunane eit samla tap på mellom 800 og 900 millionar kroner kvart år, ifølgje KS.


– Det får konsekvensar for det tilbodet ein kan gi til innbyggarane. Det er beklageleg, seier KS-leiar Gunn Marit Helgesen til NRK.


– Men det mest beklagelege er det prinsipielle, at ein fråtek kommunane makt til å gi så gode tenester som ein ønsker, legg ho til.


Drygt 100 kommunar har eigedomsskatt på mellom fire og sju promille. Desse må no redusere satsen. Det kan bety mindre pengar til skule, helse og barnehage.


Under regjeringsforhandlingane på Jeløya i fjor vart Høgre, Frp og Venstre einige om å senke eigedomsskattesatsane med to promille, noko som er innført i statsbudsjettet i år.


Under forhandlingane på Granavolden fekk Frp gjennomslag for å senke satsen med ytterlegare ein promille, til fire promille.


– Eigedomsskatten er ein veldig usosial skatt, som verken tek omsyn til inntekt eller lån, seier Frps finanspolitiske talsmann Hans Andreas Limi til NRK.


Samtidig har kommunane moglegheit til å justere tapet gjennom å auke verdifastsetjinga på eigedommane og fjerne botnfrådraget, ifølgje KS. (©NPK)