Krumkaker er på mange kaffibord i jula. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Krumkaker er julekakefavoritten til nordmenn

Tradisjon tru er julekaker ein viktig del av høgtida for nordmenn. Men i mylderet av ulike slag er det krumkaker som står fram som klar favoritt.


Det er ei uomstridd sanning at nordmenn føretrekkjer mange og varierte julekaker, går det fram av ei undersøking som Norstat har gjort for Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no). Over 80 prosent av dei spurde seier at dei et småkaker i samband med julehøgtida.


– Er nydelege, sprø og delikate

– Det er ikkje så rart at krumkaker skårar høgt. Dei er nydelege, sprø og delikate og kan brukast på mange måtar. Dei kan danne skål for moltekrem eller formast som eit kremmarhus, seier direktør Ida Berg Hauge i Melk.no.


«Topp fem» blant julekakene er krumkaker, peparkaker, kransekake, lefse og smultringar. Populariteten til krumkaker er stor òg blant barn og aukar med alder. Spesielt blant eldre kvinner er den sprø trompeten ettertrakta.



Regionale skilnader

Det er store regionale skilnader når det gjeld kva for kaker som må vere på bordet i jula.


– Lefse er til dømes ein viktig del av feiringa i Nord-Noreg, mens dei som bur i Oslo, ikkje har denne blant favorittane. Òg frå familie til familie varierer det ofte kva for julekaker ein berre «må» ha på bordet for at julestemninga skal bli komplett, seier Hauge.



Gode råvarer

Eitt krav er likt for alle kakemonsar. Gode råvarer er ein føresetnad for at baksten skal bli velsmakande. Aller helst skal det vere godt smør, svarar nesten halvparten av dei spurde.


– Den gode smørsmaken må til for at julekakene skal smake perfekt, konstaterer Berg Hauge.


Undersøkinga er basert på 1.035 intervju i eit landsrepresentativt utval og er gjennomført i november 2018.