Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Kronprinsen til Jølster

HKH Kronprins Haakon.

Kronprinsen til Jølster

HKH Kronprins Haakon kjem tysdag til Jølster der han skal besøke rasomrada på Slåtten. Han vil besøke begge bruka som vart råka av rasa 30. juli.

Før Kronprinsen kjem til Jølster skal han opne flysimulatoren til Reodorklubben i Førde og han skal besøke Mo og Øyrane vgs.

Møter rasoffer

I Jølster vil kronprinsen først møte Marie Slåtten og Sindre Iman med deira born, før turen går vidare til nabobruket der dei får møte tre generasjonar Slåtten. På begge plassar får Kronprinsen orientering om rasa og situasjonen etterpå. Han får også møte den politiske og administrative leiinga i Jølster, i tillegg til lensmann Dag Fiske.