Home   >   Nyhende   >   KrFU utan bunde mandat på landsmøte

Foto: Berit Roald/NTB scanpix.

KrFU utan bunde mandat på landsmøte

Når KrFU sine delegatar reiser til det ekstraordinære landsmøtet i moderpartiet, står dei i praksis fritt til å stemme etter eiga overtyding.

Berre for nokre veker sidan vedtok KrFU sitt landsmøte at KrF «slik situasjonen er nå, vil få best gjennomslag i regjering med Høyre, Venstre og Frp». Mange har difor rekna med at ungdomsdelegatane ville vere bundne til å stemme i samsvar med dette når KrF held landsmøte 2. november.

I ein e-post Vårt Land har fått tilgang til kjem det derimot fram at kandidatane i praksis vil vere fristilt, slik delar av KrFU sitt landsstyre og sentralstyre har ønskt.

– Eg kjem til å stemme for Knut Arild Hareide sitt forslag om å søke regjeringsmakt med Sp og Ap, stadfestar 1. nestleiar i KrFU, Nikolai Berglund Skogan, overfor avisa.

Berre landsmøtet kan kome med eit bindande mandat, og det skjedde ikkje på møtet i september. Skogan meiner difor at delegatane til ungdomspartiet er fristilte. Ein av dei som likevel kjem til å følgje det landsmøtet bestemte i september, er KrFU-leiar Martine Tønnessen.

– Eg opplever vedtaket frå landsmøtet vårt som forpliktande og kjem til å stemme i tråd med det, seier ho.

KrFU hadde tolv av 180 delegatar på KrF sitt landsmøte i fjor. (©NPK)