Home   >   Nyhende   >   KrF nesten dobbelt så stort på ny meiningsmåling

Leiar Knut Arild Hareide og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad er diametralt ueinige i kva retning Kristeleg Folkeparti bør gå i leitinga etter samarbeidspartnarar. Men partiet går kraftig fram etter at Hareide peikte til venstre. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB scanpix/NPK.

KrF nesten dobbelt så stort på ny meiningsmåling

Kristeleg Folkeparti går fram 2 prosentpoeng til ei oppslutning på 5 prosent på ei fersk meiningsmåling tatt opp etter at Knut Arild Hareide peikte på Ap og Sp.

Målinga som Opinion har gjort for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB), er gjort før regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett for neste år, men tar altså opp i seg eventuelle meiningsendringar som følgje av forslaget til partileiaren om å samarbeide til sentrum og venstre i norsk politikk.

– Sjølv om dette er ei enkeltmåling, er vi veldig glade for at fleire ser viktigheita av KrFs politikk. Vi trur mange har fått med seg at vi er eit parti som kjempea for eit varmare samfunn der vi slår ring om det som verkeleg betyr noko, skriv KrF-leiar Knut Arild Hareide i ein SMS til ANB.

Også Senterpartiet gjer det godt, med ein framgang på 2,1 prosentpoeng til 12,7 prosent.

Krise for Venstre

For sentrumskamerat nummer 3, Venstre, er målinga for krise å rekne. Partiet blir hardt straffa etter å ha gått inn i regjeringa og fell ytterlegare 0,9 prosentpoeng til 2,6 prosent oppslutning.

Både Arbeidarpartiet og Høgre går markant tilbake, høvesvis 1,1 og 1,4 prosentpoeng til 26,6 og 25 prosent. Slik stemmene fordeler seg på målinga, ville ei regjering utgått av Ap, Sp og KrF vere avhengig av SV og kanskje Raudts støtte, avhengig av mandatfordelinga.

SV går tilbake 1,2 prosentpoeng til 5,9 prosent, medan Raudt gjer det svært godt og går fram 1,7 prosentpoeng til 5,1 prosent.

Fleirtal for raudgrønt+KrF

Ap-Sp-KrF-SV får til saman 50,2 prosent av stemmene på målinga. Dagens regjeringsparti får 40,6 prosent av dei, i og med at Framstegspartiet blir ståande på 13 prosent oppslutning.

Miljøpartiet Dei Grøne får 3,2 prosent, etter ein framgang på 0,1 prosentpoeng. Gruppa Andre samlar 0,9 prosent etter å ha mista heile 1,4 prosent av oppslutning frå førre måling.

Opinions meiningsmåling for oktober er basert på 947 intervju gjort 2.–8. oktober. 75 prosent har svart om partival ved stortingsval. Feilmarginen varierer frå 1–3 prosentpoeng, og er størst for dei største partia. (©NPK)