Home   >   Nyhende   >   – Krevjande å overføre vegstell til fylkeskommunane

Biletet viser ein bit av den nasjonale turistvegen i Rondane, fylkesveg 57. Foto: Jarle Wæhler/Statens vegvesen.

– Krevjande å overføre vegstell til fylkeskommunane

Vegvesenet tilrår likevel at dagens ordning med sams vegadministrasjon blir vidareført, men med sterkare fylkeskommunal styring og rom for lokale tilpassingar.

Det er Samferdselsdepartementet som har bedt Statens vegvesen svare på spørsmål om konsekvensane av å overføre ansvaret for drifta av fylkesvegane frå Vegvesenet til fylkeskommunane frå 1. januar 2020. Rapporten overleverte dei til departementet tysdag.

– Rapporten konkluderer med at det er krevjande, men mogleg å gjennomføre overføringa av fylkesvegoppgåver innan fristen som er sett, men tilrår likevel at overføringa av driftsoppgåver blir greidd ut vidare, fordi det er for mykje uvisse rundt dette spørsmålet, seier regionvegssjef Torbjørn Naimak, som har leidd utgreiingsarbeidet.

Kan blir dyrt

I rapporten peikar Vegvesenet på at omstillingskostnadene kan bli store, og at omlegginga på lengre sikt kan gi auka kostnader og redusert effektivitet og kvalitet i vegstellet. Mellom anna er det stor uvisse om kontraktsopplegg og økonomiske konsekvensar, og det er uansett nødvendig med ei overgangsordning for å fullføre driftskontraktar som strekkjer seg forbi 1. januar 2020.

På pluss-sida peikar rapporten likevel på at omlegginga kan gi fylkeskommunen meir luft under vengene, klarare rapporteringslinjer og betre samhandling mellom fag og politikk.

– Når vi har sett på konsekvensane, er ei av vurderingane at den nye ordninga kan vere positiv, mellom anna fordi fylkeskommunane kan få høve til å styrkje rolla si som samfunnsutviklar, seier Naimak.

Risiko for dårlegare kvalitet

Risikoen ved omlegginga er likevel større, slik Vegvesenet ser det: «Med det ansvaret og den myndigheten fylkeskommunene allerede har for fylkesvegnettet, er det vanskelig å se at de mulige positive virkningene ved overføring av vegadministrasjon kan veie opp for risiko for varige økte kostnader og redusert effektivitet og kvalitet i oppgaveløsningen», skriv Vegvesenet.

Fylkeskommunane har også i dag ansvaret for fylkesvegane, men bruker dei same regionale vegkontora som staten bruker til planlegging og drift av riksvegnettet, til å planleggje og drifte fylkesvegane, såkalla sams vegadministrasjon.

Det er Stortinget som har bedt regjeringa sørgje for at dei nye fylkeskommunane overtar den regionale vegadmistrasjonen frå Vegvesenet i samband med regionreforma. (©NPK)