Sigurd Reksnes. Arkivfoto.

Krev oppstartsløyving til Stad skipstunnel no

- Stad skipstunnel er eit prosjekt som raskt kan setjast i gang og her må Stortinget få på plass oppstartsløyving i revidert nasjonalbudsjett, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterparti Sigurd Reksnes i ei pressemelding. 


- Koronapandemien råkar næringslivet hardt, og det er trong for at staten set i gang med investeringar som kan halde hjula i samfunnet i gang. Stad Skipstunnel er eit prosjekt som raskt kan startast opp. Dersom Stortinget løyver pengar no i vår, kan det framskunde oppstarten med eit halvt år sidan ein slepp å vente til statsbudsjettet skal handsamast i haust. Prosjektet vil skape store ringverknader i anleggsperioden, og bidra til å halde folk i arbeid i ei krevjande tid framover, heiter det i pressemeldinga. 


- Det er ingen grunn til å vente med å setje i gang, dette må vere det prosjektet som er best utgreia og kvalitetssikra i landet. Her vil samfunnet få mykje att for pengane både under bygginga, og når Stad skipstunnel står ferdig. No har alle partia som har lova bygging av Stad skipstunnel sjansen til å innfri lovnadane sine, og setje i gang med den mest framtidsretta investeringa for kystnasjonen Noreg nokosinne.