Illustrasjonsfoto.

Kraftkamp





Kampen om kraftverdiane i Sogn og Fjordane hardnar til. BKK
har anka Sogn og Fjordane tingrett sin dom om forkjøpsrett til fylkeskommunen
sin eigarskap i SFE, som dei folkevalde i fjordfylket ønskjer å overføre til
kommunane for å sikre framleis lokal kontroll med dei store verdiane. Ankesaka
skal snart opp i lagmannsretten.





BKK har også, takka vere såkalla negativt fleirtal,
torpedert den nærast gryteklare fusjonen mellom SFE og Sunnfjord Energi. Denne
fusjonen kunne ha skapt eit solid og etter vårt syn framtidsretta kraftselskap
i fylket. Ein hadde sikra mange viktige kompetansearbeidsplassar, og verdiane
hadde blitt verande her som dei er skapte.





På toppen av det heile prøver BKK å kapre brura, Sunnfjord
Energi, på veg til alters. Lokkemiddelet for å få til ein fusjon mellom dei to
selskapa er lågare nettleige for Sunnfjord Energi sine kundar. Det heile minner
om ein splitt- og hersk-taktikk som vi ikkje har særleg mykje til overs for.





I eit lesarinnlegg sist veke slo administrerande direktør i
BKK, Jannicke Hilland, fast at ein fusjon mellom BKK og Sunnfjord Energi «vil
byggje kompetansearbeidsplassar i heile regionen, og hushalda i Sunnfjord kan
sjå fram til i overkant av 4500 kroner i redusert nettleige kvart år». Ho
understreka også at BKK er opptekne av å fordele verdiskapinga rettferdig
mellom dei to selskapa som fusjonerer, og at kompetansesenter for ulike
fagområde vil bli delte mellom Bergen og Sunnfjord.





Alt dette er fine ord frå ein direktør på friarføter.
Problemet er berre at vi ikkje stolar på det som blir framstilt som edle
hensikter frå det Bergen-baserte kraftselskapet.





Det er mindre enn eitt år sidan BKK heldt på å torpedere den
viktige og fornuftige utbygginga av Jølstra. Redninga den gongen var at
Sunnfjord Energi fekk SFE med på laget. Når staten har sagt at han ønskjer å
sjå på ordningar for å jamne ut og skape ei meir rettferdig nettleige over
heile landet, må staten få lov til å gjere det før Hilland brukar dette som
gulrot i ein fusjonsprosess.





At BKK er så opptekne av å fordele verdiskapinga rettferdig,
stiller vi også spørsmål ved. Måten dei har gått fram på både i forhold til
fylkeskommunen sin SFE-eigarskap og fusjonen mellom dei to selskapa i Sogn og
Fjordane, vitnar ikkje akkurat om respekt for ressursane og prosessane i regionen
vår. Vi er heilt samde med Jølster-ordførar Oddmund Klakegg og styreleiar Per
Kjøllesdal i SFE,  som begge trur BKK i
hovudsak er ute etter verdiane kraftproduksjonen her i fylket representerer. Klarer
dei først å sikre seg desse, har vi lite tru på at selskapet over tid er særleg
interessert i fagmiljøa nord for Sognefjorden. Då går det nok heller som det
pleier å gjere i fusjonsprosessar: Dei store et opp dei små og sikrar seg all
kontroll. Når fagmiljøa skal styrkast og det kjem 100 søkjarar som ønskjer å
arbeide i Bergen og 20 i Sunnfjord, er det lett for at nye stillingar blir
lagde til regionhovudstaden. Over tid kan dette i verste fall pulverisere
fagmiljøa utanfor BKK sitt hovudkontor på Kokstad.





Tyngdekrafta har ein lei tendens til å gjere seg sterkt
gjeldande. Slik kan det fort bli også her. Såleis håpar vi i det lengste nye
Sunnfjord kommune kjøper Fjaler sine aksjar i Sunnfjord Energi og dermed får
kontroll over selskapet. Det trur vi dei gjer lurt i for å sikre
arbeidsplassane og utviklinga i regionen. Å overlate kontroll med
infrastruktur, lokale naturressursar og arbeidsplassar til styret i BKK, tvilar
vi på er særleg smart.