Heim   >   Nyhende   >   Kraftig vekst i talet på hurtigladarar

Veksten i hurtigladarar var i fjor på 43 prosent. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Kraftig vekst i talet på hurtigladarar

Elbil-eigarar som har irritert seg over lange ladekøar, kan gle seg over at veksten i hurtigladarar var større enn veksten i elbilar i 2019.

Veksten i talet på hurtigladarar var i 2019 på 43 prosent. Tal på kor stor elbil-gruppa var ved utgangen av fjoråret er enno ikkje klare, men Elbilforeningen reknar at veksten i elbilar var om lag 35 prosent, skriv Teknisk Ukeblad.

Elbilforeningen meiner utviklinga er gledeleg, men ikkje god nok.

– Det er absolutt ei forbetring, men langt frå det nivået vi må vere på, seier Christina Bu, generalsekretær i Norsk Elbilforening.

For å halde tritt med salet av elbilar og unngå at køane ved hurtigladarane veks, meiner foreininga at det må byggjast over 1.000 hurtigladarar i året.

Fordelt på fylke kjem Viken best ut med 586 hurtigladarar. Vestland fylke er nest best med 418 hurtigladarar. Innlandet har 301, medan Troms og Finnmark fylke ligg på botn med 46 hurtigladarar, skriv Elbilforeningen i ei pressemelding. (©NPK)