Foto: Aleksander Andersen/NTB scanpix.

Kraftig auke i sal av produkt til hus og hage

Nettsalet av produkt til hus, heim og hage har meir enn dobla seg i april og mai sasamanlikna medsame periode i fjor.


Frå 1. april til 17. mai auka salet av slike produktet med 107 prosent frå same periode i 2019, viser betalingstenesta Klarnas tal frå norske nettbutikkar.


Også sal av turutstyr har auka.


– Nettsalet innanfor segmentet sport og fritid har vore jamt aukande sidan koronatiltaka vart innførte. Det er nok mange som i år legg seg i ein av dei svært populære hengekøyene eller slår opp telt med familien i skogen eller ved sjøen for første gong, seier Klarnas marknadsdirektør Thomas Elvestad.


(©NPK)