Kraft og kolonialisme

Lesarinnlegg av Ola Bergheim, Byrkjelo: 

Tore Storehaug, fylket sin stortingsrepresentant frå KrF, henger bjølla på katten i Firda 8.4. Styreleiar i BKK, Jan Erik Kjerpeseth,  og administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi har fleire gonger i media hevda at det er politikarane som ikkje vil utjamne den urettferdige nettleiga. Storehaug slår fast det stikk motsette: BKK har i alle høyringar halde fast på at dagens ordning er god. Behrens har og vore lobbyist i Stortinget mot utjamning – fordi nettleiga i Bergen då vil gå opp!

Utruleg! Sogn og Fjordane er fylket med landets største og mest urettferdige nettleige for oss vanlege straumkundar. Ei urettferd som endåtil har auka sterkt siste åra. Skal ikkje då Behrens som direktør for eitt av fylket sine største energiselskap snu alle steinar, og fingranske alle moglegheiter for å få ned vår nettleige? Eller dansar han og Sunnfjord Energi og eigarkommunane i Sunnfjord alt før fusjonen etter dei dominerande eigarane Bergens-BKK og Oslo-Statkraft sin musikk? BKK har til no i media framstilt seg som idealistisk forkjempar for utjamning av nettleiga – er vi i realiteten vitne til eit høgt politisk spel for å hindre rettferdig utjamning mellom by og land?

Fusjon vedkjem alle

Med Storehaug sine opplysningar vedkjem fusjonen mellom BKK og Sunnfjord Energi også oss vanlege straumkundar elles i fylket. Og dei spreiddbygde kraftproduserande fylka og kommunane i heile landet. Som ei viktig og avgjerande prinsippsak. Småkraftprodusentane, distriktsenergiselskapa, kraftkommunane og kraftfylka  har alle slutta seg saman for å betre motstå Oslo-makta. Ein rask gjennomgang av nettsidene til desse produsent-organisasjonane viser – diverre – kor nødvendige dei er. Alle ordningar som skal sikre distrikta sine rettar til eigne naturressursar og hauste verdiar av dei  synest vere under kontinuerleg kolonialistisk åtak frå sentralmakta.

Dei som trur BKK er ein slags idealistisk gåvmild julenisse utan høge krav til eiga forteneste, dei bør realitetsorientere seg ved å lese historietidskriftet Heimen 2/2018. Det er eit spesialnummer fritt tilgjengeleg på nettet om kraft og kraftutbygging. Les særleg artiklane «Kommunal melkeku, regional kraftfilial eller lokalt lokomotiv? Kraftselskapet BKK etter kraftliberaliseringen» av Yngve Nilsen og «Lokal von, global ambisjon. Framveksten av småkraftverk i Noreg etter 2000» av Gunnar Yttri.

Dokumentert urettferd

Nettstaden enerwe.no har i mykje lesne artiklar dokumentert urettferda; At dei flate fylka rundt Oslofjorden: Oslo, Akershus, Østfold  og Vestfold har lågast nettleige. Fylke som sjølve knapt produserer kraft. Medan fylka som produserer og eksporterer mest kraft har høgast nettleige. Men nettstaden såg berre på den variable delen av nettleiga. Og ikkje på totalsummen der mva og el-avgift inngår. Der er urettferda for vårt fylke endå større. Stortingsforslaga og debattane med krav om utjamning tek utgangspunkt i NVE sin statistikk over nettleige for hushald med årleg straumforbruk på 20.000 kWh. På NVE sine sider finn vi siste 15 åra (2005-2019). Eg har i grafen brukt NVE-tala for utviklinga av nettleiga desse åra for nokre fylke. Fylka med best topografi for straumproduksjon har høge fjell og brear og mange vatn, djupe fjordar, mykje vind og store bølgjer. Og av same grunnar få innbyggarar per km2 å dele nettutgiftene på. Sogn og Fjordane, Nordland og Troms har alle rundt 6 innbyggarar pr km2, Finnmark berre 1,6. Om lag halve nettleiga er statsskatt i form av mva og el-avgift. Dei 3 nordlegaste fylka slepp mva på nettleiga. 6 kommunar i Troms og heile Finnmark slepp også el-avgifta på 15-16 øre/kWh. Vi ser av grafen at sluttresultatet er at Finnmark har klart lågast nettleige. Også Troms har lågare nettleige enn flatfylka rundt Oslofjorden.

Urettferda aukar

I 2005 låg Sogn og Fjordane i ei klynge på 11 fylke litt over landsgjennomsnittet (sjå NVE si nettside for alle). I 2004 viste NVE sine berekningar at Sogn og Fjordane hadde største potensialet for småkraftutbygging. Optimismen og utbyggingsiveren vart stor. I 2010 slo NRK Sogn og Fjordane stort opp at «Sogn og Fjordane toppar klart oversikta over tal småkraftverk – uansett om ein måler i produksjon, effekt eller antal småkraftverk i drift». Kom det oss innbyggarane i fylket til gode? Førte det oss ned på landsgjennomsnittet for nettleige? Nei, tvert imot! Nettopp i 2010 gjekk vi forbi Nord-Trøndelag som fylket med høgaste nettleiga. Og sidan «har vi aldri sett oss tilbake». Vi har som grafen viser i 2019 landets suverent høgaste nettleige med 71 øre/kWh. På sølv- og bronseplass på nettleige-toppen 2019 med 62 og 61 øre finn vi to andre store spreiddbygde kraftfylke, Telemark og Møre og Romsdal. Begge med relativt få, 15-20 innbyggarar per km2. Og dermed også færre å dele kostnadene på. Sogn og Fjordane og Telemark er dei to fylka som eksporterer mest kraft og meir enn dei sjølve brukar. Kvifor skal ikkje importørane rundt Oslofjorden og utlandet betale alle eksportkostnader? Og i tillegg gje eksportfylka ei solid forteneste når dei stiller sine naturressursar til rådvelde? Er vi demokrati eller koloni?

Avfolking som mål

Nettleigesystemet er heilt klart «rigga» politisk. Ein kompenserer dei 3 nordlegaste fylka ved hjelp av mva- og nettleigefritak for deira topografiske og spreiddbygde natur. Elles set Oslo-staten sine tenarar (NVE/Statkraft/OED) nettleigetariffane slik at det blir dyrast  for innbyggarane i dei kraftproduserande fylka å bruke straum. Mykje dyrare enn i fylka med liten eller ingen straumproduksjon. Dyrare di meir spreiddbygd.  Det faktiske politiske målet – om ikkje sagt offentleg – er tydelegvis å bruke kraftfylka sine eige ressursar til å avfolke dei. Regjeringa skubba i budsjettproposisjonen i haust usmakeleg NVE framfor seg ved å hevde at «NVE konkluderer med at en modell med hel eller delvis tariffutjevning vil svekke nettselskapenes insentiver til å redusere kostnader.» Distriktsenergi kalla det «forsøk på en politisk budsjettfinte». Og fagnettstaden viser i ei rekke artiklar at regjeringspåstanden ikkje stemmer med fakta. Alle som vil kan og sjå av utgreiinga i budsjettproposisjonen at det ikkje eingong stemmer med fakta der!

Nei til fusjon i sør

Distriktsenergi peikar på at det sjølv med storfusjon i Trøndelag ikkje er blitt utjamning av nettleiga selskapa imellom. Det blir grunngitt med at fusjon gjev små reelle innsparingar. Heller ikkje utjamning Trøndelag-Oslo. Distriktsenergi har og reportasjar om ei anna sak eigarkommunane i Sunnfjord bør merke seg: Statskraft mislukkast i 2018 i å få fusjon mellom to av selskapa sine i Statkraftalliansen, Agder energi og Skagen energi. Det ville blitt landets nest største nettselskap – men dei kommunale eigarane sa nei. Agder energi sin direktør var på førehand programmessig svært positiv til samanslåing. Men uttala etter fusjonshavariet at det truleg i grunnen ikkje var nokon god ide. Og at det viktigaste ikkje var fusjon, men innovasjon. Eigarkommunane i Sunnfjord bør vel ta seg tid til å undersøke kvifor fusjon her vest skal vere ein så mykje betre ide enn i sør?

Kjende modellar

Vi veit at Sogn og Fjordane i mange landbrukssamanhengar på grunn av naturtilhøva har same tilskott og reglar som Namdalen og dei 3 nordlegaste fylka. Differensiering på kommunar og fylke med like forhold er velkjent også når det gjeld systemet med differensiert arbeidsgjevaravgift og andre ordningar. Dei 3 nordlegaste fylka med rundt 500.000 innbyggarar har altså alle fått fritak for mva på nettleiga. 6 kommunar i Troms og heile Finnmark også for nettleiga på 15-16 øre. Resultatet av denne reint politiske forskjellsbehandlinga er at Sogn og Fjordane med same topografi og folketal per km2 no har 71 øre i nettleige, Finnmark 39 øre og Troms 46 øre. Medan landsgjennomsnittet er 56 øre. Det er sjølvsagt ingen økonomiske problem som hindrar at storting og regjering som eit rettferdig strakstiltak gjev dei 110.000 innbyggarane her i fylket same kompensasjonstiltak som dei 3 fylka i nord. Når mva og el-avgift på nettleiga gjev 20-30 milliardar inn i statskassa. Og Statkraft, der staten er eineeigar, har 10-15 milliardar i overskott.

Politiske lovnader

BKK har sjølvsagt rett i at alle parti på Stortinget i debatten om nettleige i fjor var samde i at landsomfattande ordningar for nettleige skal stimulere nettselskapa til god og effektiv drift. Men nemner ikkje at sjølv Høgre og Frp sine representantar frå Stortingets talarstol var krystallklare på at urettferdig nettleige i dei kraftproduserande regionane og kommunane no skulle jamnast ut. Høgre sin representant i energi- og miljøkomiteen Liv Kari Eskeland uttala t.d. at nokre regionar og område hadde ei ekstra byrde, at nettkundar i regionar med mykje fornybar produksjon tok ei større kostnadsbelastning, og avslutta med at «Me må ikkje kome dit at kommunar seier nei til etablering av fornybarprosjekt fordi belastningen for nettkundane, både private og næringslivet, vert for store for distrikta og regionane». Terje Halleland frå Frp var endå friskare i språkbruken med vindkrafta som døme: «Slik systemet er i dag, belaster vi folk i Distrikts-Norge med økte nettleier for å tilknytte vindkraftprosjektet til det lokale nettet, prosjekter som personer innenfor Ring 3 har vedtatt, og som det lokale nettselskapet aldri har bedt om. Det er betenkelig at små lokalsamfunn skal betale for prosjekt vedtatt av storsamfunnet»

Kaniner og kanarifuglar

Når BKK-toppane meiner vi skal sjå heilt bort frå slike uttaler, sjølv frå Stortinget sin talarstol, er det for så vidt i tråd med historieprofessor J.A. Seip og hans berømte foredrag «Fra embedsmannsstat til ettpartistat» i samband med 150-årsjubileet for 1814:

Der han sa at det som skjedde i 1945 var at «Oslo tok full kontroll over provinsen», og at «Partistyret knekket alt som var av ryggrad i stortingsgruppen; den har siden ikke reist seg». At det skjedde ei omhyggeleg utsiling av dei tillitsvalde frå partitoppen «Partiapparatet ble fylt med kaniner. Og Stortinget. Av og til flyger en enslig kanarifugl under taket, som da sies å ligge høyt». Utjamning av nettleiga er ein avgjerande prøvestein: Har den gamle historieprofessor og dagens BBK-toppar rett i at Tore Storehaug og Eikeland og Halleland er utsila lojale stortingskaninar? Kanarifuglar som får lov av partitoppane til å kome med beroligande kvitring om utjamning av nettleige frå talarstolen – men elles ingen ting å bry seg om?

Rettferd eller skuggenes dal

Eg tolkar Storehaug sitt svar til BKK og Sunnfjord Energi i Firda 8.4. som klart uttrykk for at stortingsrepresentantane no vil vise løve- og ikkje kaninhjarte. Både KrF og Venstre har gjeve sterke løfte om utjamning av nettleiga, både i partiprogram, media, veljarmøte og på Stortinget. Så sterke løfte at eg ikkje kan sjå at nokon av desse to vippepartia kan overleve komande kommune- og stortingsval utan å levere på utjamning av nettleiga. Det er som  nemnt ovanfor så enkelt som at stortingspolitikarane i første omgang kan vedta same ordning for Sogn og Fjordane når det gjeld mva og el-avgift som for dei 3 nord-norske fylka med same topografi og folketettleik. Og så bruke litt meir tid på eit system for meir rettferdig nettleige for alle bedrifter og innbyggarar i dei grøne kraftproduserande fylka våre.

Rettferda kjem først når også dei kraftlause fylka rundt Oslofjorden og utanlandseksporten må ta sin rettmessige del av rekninga for fornybar kraftproduksjon og det grøne skiftet. Ei rettferd «kaninane» på Stortinget med Storehaug og KrF i spissen har forplikta seg til å greie ut og setje i verk. Om dei ikkje lukkast, blir i alle fall KrF eit parti i «skuggenes dal» saman med Venstre, med sperregrensa som ein himmel dei aldri meir når.