Elisabeth Skinlo, (tre f.v.), Ellen Kristne Skinlo og sonen Sturla ønskte ein stad der folk lettvint kan levere innsamla plast. Ordførar Leidulf Gloppestad kontakta Retura Nomil om gratis utplassering og henting av fire containerar. Inger Marie Søreide i Retura Nomil fortel at dei gjerne vil vere med på ein slik dugnad.

Kort veg frå ord til handling for eit reinare miljø

– Eg kan ikkje forstå at folk kastar frå seg så mykje søppel, seier fjerdeklassingen Sturla Skinlo Sørensen. Ein tur i sjøkanten i Anda vart ei trist oppleving som vart snudd til noko positivt.

Det starta med ein tur i sjøkanten ved Anda saman med pappa Frode Sørensen. Det vart ei nedslåande oppleving for både den miljøbevisste fjerdeklassingen og faren. Det flaut av flasker, ølboksar, leikar, plast i ulike variantar, Q-tips og mykje meir i stradsona.

Forstår ikkje
– Eg forstår ikkje at folk kan kaste frå seg alt sånt, seier Sturla som vart lei seg av alt han og pappaen fann. Nokre dagar seinare var han på biblioteket saman med mamma Ellen Kristine Skinlo der ordførar Leidulf Gloppestad akkurat denne dagen hadde såkalla ope kontor.

– Vi er opptekne av miljø både privat og på arbeidsplassen vår i Skinlo & Co. Vi snakkar ofte med kundane våre om miljøspørsmål. Både i butikken og privat sorterer vi alt vi kan, fortel Ellen Kristine. For ei tid tilbake omtala avisa at dei er slutta bruke plastposar og er gått over til papir, og varer i fleece finn du ikkje i butikkhyllene.

– Svigerinna mi, Elisabeth kom med ideen om at det burde vere ein plass å legge frå seg plast når ein er på tur og vil gjere ein miljøinnsats og plukke med seg plast, seier Ellen Kristine.

Tok det opp
Det spørsmålet tok Sturla og mor hans opp med ordføraren som straks gjorde ord til handling. Heime på garden har han sjølv ståande ein container frå Retura Nomil for landbruksplast.

– Eg kontakta Retura Nomil som heiv seg rundt, seier Leidulf Gloppestad.

– Vi vil plassere ut fire containerar rett etter 17. mai, fortel Inger Marie Søreide. Ho er tilsett i Retura Nomil som gjerne vil vere med på ein miljødugnad. Tre av conteinerane vert ståande rundt Gloppefjorden og den fjerde i Hyen.

– Vi har ikkje gløymt Breim, men i første omgang har vi tenkt på fjorden, seier ordføraren. Han opplyser at Retura Nomil syter for utplassering og henting kostnadsfritt, medan Gloppen kommune vil ta kostnadene med sjølve søppelet.

Strandrydding
Meininga er at containerane vert henta inn att etter skuleslutt.
– Vi tenkjer at containerane først og fremst skal nyttast til strandrydding, men for all del; dersom folk plukkar plast andre stader, må det gjerne kastast i conteinerane, seier ordføraren.

Ellen Kristine og Elisabeth fortel at ein tur i Haneholmen gav eit minst like nedslåande inntrykk som turen til Anda. Alle er samde om at det er viktig å gjere noko konkret for miljøet og i desse dagar er det særleg fokus på plast som ureinar havet.

– Det er viktig å gje den oppveksande generasjon eit håp ved å vise at vi tek grep og vil gjere noko i lag for eit betre miljø, seier dei og viser til den landsomfattande dugnaden der plasten i magen på den stranda kvalen fekk folk til å vakne.