Korpsa prioriterer eldre 17. mai

Det er ikkje mange ting som er så viktig for 17. mai som marsjerande korps i gatene. Vi vel i alle fall å tru det sjølve. I den mest intense koronaperioden var det utenkjeleg å få dette til i år. Nokre av korpsmedlemene var i risikogruppa, nokre hadde sårbare jobbar, og vi hadde ikkje tilgang til øvingslokala våre. Gloppen Janitsjar avgjorde difor å avslutte sesongen. Siste vekene har restriksjonane opna litt opp, og skulekorpsa på Breim og Sandane har så smått byrja å øve igjen. Med hjelp frå nokre frå Janitsjaren, kjem dei til å besøkje Byrkjelotunet, Reedtunet, Gloppen omsorgssenter og Gotatoppen på nasjonaldagen.

Hyen skulekorps deltek på flaggheisinga på samfunnshusplassen i Hyen.

Då 17. mai-komiteane har avlyst heile eller delar av sine planar, er nokre kulturkrefter i gang med å planlegge eit alternativt program som skal strøymast på internett. Skulekorpsa frå Breim og Sandane vil vere med også her.

Så får vi håpe at neste 17. mai blir slik vi alle ynskjer – barnetog, folketog og grendefestar der alle kan vere saman for å feire denne flotte dagen.

 

Helsing

Breim skulekorps

Sandane skulekorps

Hyen skulekorps

Gloppen Janitsjar