Erlend Slåtten fekk store skadar på eigedomen sin og er naturleg nok spent på kva som skal skje vidare. Han meiner det må byggjast ein rasvoll ovanfor tunet for å sikre husa.

-Korleis skal vi ta dette vidare?

Denne veka har det vore skipa til to folkemøte i Jølster for å informere i etterkant av rasdramatikken.



Onsdag var det informasjon om korleis dei som har fått skade på eigedom skal gå fram for å få dekka tapa mest mogeleg. Møtet var for Jølster, Gloppen og Førde, kommunane som vart råka av uvêret tysdag 30. juli.
Mange spørsmål
Til stades på møtet var representantar for NVE, forsikringspoolen, Naturskadefondet, Fylkesmannen og kommunane. Spørsmåla handla om kven som dekker kva og kva som kjem inn under dei ymse støtte- og forsikringsordningane.
NVE fortalde at dei no er i sving med sikring og reinsking av Årsetelva og at det vil bli sett i verk tiltak ved Flaten der elva trua ein driftsbygning. Når det gjeld Slåtten, vil NVE kople inn NGI og dei vil også ha folk opp i lia for å synfare på bakken kva som må gjerast.
– Vart du klokare av dette, spurde vi Erlend Slåtten etter møtet.
– Eg veit litt meir enn eg gjorde før møtet, og eg er glad for å høyre kva NVE har tenkt å gjere. Etter mitt syn må det til ein kraftig rasvoll oppe i lia, sa Slåtten.



– Vil gje ros
Fungerande ordførar i Gloppen, Magni Aa Berge, var til stades på møtet. Ho ønskjer å gje ros og heider til alle frivillige som på ymse vis stilte opp for å hjelpe til raskvelden.
– Det handlar om grunneigarar, redningsmannskap og entreprenørar. I mange tilfelle gjorde innsatsen deira til at skadeomfanget vart avgrensa. Eg vil også gje ros til vegvesenet som var så raskt på plass med bruløysing i Ommedalen. Vi hadde nemleg 100 menneske som var totalt isolerte, og det var viktig å få vegsamband raskt på plass, sa Aa Berge.
Til liks med kommuneleiinga i Jølster, opplevde ho manglande kommunikasjon som eit problem.
– Vi var utan telefon i eitt døgn og måtte bruke jaktradioar som kommunikasjonsform. Det fungerte for så vidt bra. Eg registrerte også at NVE var raskt på plass, sa ho.



Vil ha NVE inn
I Hyen vart Solfrid Utheim Rygg og Bjørn-Petter Rygg hardt råka av uvêret. Dei var på møtet for å få informasjon om korleis dei skal få hjelp til å rydde opp og kome seg vidare.
– Vi mista garasje og reiskapshus, i tillegg til eit gjødsellager. Noko dyrka mark er rasert og i elva ligg det store mengder lausmassar som må vekk. Vi meiner NVE må inn og gjere tiltak, sa dei.
– Fekk de dei opplysningane de håpa å få?
– Det vi i alle fall fekk stadfesta er at dette er like uoversiktleg som vi trudde, sa Bjørn-Petter Rygg, som fekk ein prat med regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.
Han kunne ikkje seie så mykje om kva som eventuelt blir gjort frå etaten si side før det er gjennomført synfaring. Men dei fekk i alle fall beskjed om at dei kunne fjerne massane i elva, på visse vilkår, og at det ikkje var opplagt at NVE skal gjere det. Samtidig lova Brigt Samdal å følgje opp saka.

 

 

Fungerande ordførar i Gloppen, Magni Aa Berge, rosar dei frivillige, vegvesenet og NVE etter rasa i kommunen.
Solfrid Utheim Rygg og Bjørn-Petter Rygg frå Hyen fekk også store skadar på eigedomen sin. Her er dei i samtale med regiondirektør i NVE, Brigt Samdal og Synnøve Folkvord frå Finans Norge som representerte forsikringsselskapa.