Folket skal no få kome med sine innspel når det vert konkurranse om idear til nytt felles fylkesvåpen.

Korleis skal det nye fylkesvåpenet sjå ut?

Vi vil gjerne ha innbyggjarane sine forslag fram til 20. juni! I denne perioden er det open innspelsrunde for alle, og første del av ein konkurranse som til slutt skal gje det nye storfylket i vest eit fylkesvåpen.

– Dette er ein milepæl i arbeidet fram mot ein felles identitet i ein samla ny vestlandsregion, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

– Vi er glade for å invitere alle innbyggjarane til å delta i konkurransen anten ein vel å komme med forslag sjølve eller berre stemme på eit forslag, seier Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland.

Alle kan stemme på sin favoritt
Når alle forslaga er komne inn 20. juni skal ein folkejury og ein fagjury velje ut ti finalebidrag kvar. Desse går vidare til ei online stemmegjeving kor alle innbyggarane kan stemme på sin favoritt.

Forslaga går så vidare til minst tre designbyrå. Dei står fritt til å bruke forslaga som inspirasjon eller teikne eit nytt forslag ut frå tema gitt av ein fagkomité. Det er fylkestinga i dei to fylka som til slutt skal vedta nytt fylkesvåpen i desember.

Sjå alt om
• konkurransen til det framtidige fylkesvåpenet.
• retningsliner for korleis det kan sjå ut.
• kvar du skal sende inn ditt forslag.

Sjå meir om konkurransen på Vestlandsfylket sine eigne nettsider.