Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Avskilting og fleire gebyr

Avskilting og fleire gebyr

Ein bilførar må ut med 2.300 kroner i gebyr og får samstundes ein reaksjon som medfører to prikkar i førarkortet for ikkje å ha sikra barn under 15 år i bil. 

Dette var mellom resultata då Statens vegvesen gjennomførte trafikkontrollar på Byrkjelo og Sandane fredag.

Eit køyretøy vart avskilta på grunn av manglande utført periodisk kontroll, og ein bilførar fekk to gebyr på 1500 kroner for manglande mønsterdjupne i dekka.

To andre bilførarar fekk gebyr for ikkje å ha med dokumenta sine.