Det var stor aktivitet i Sp-gruppa for å få på plass vedtak om hallane

Kommunestyret gjekk for begge hallane

Kommunestyremøtet torsdag var absolutt siste frist for å vedta endeleg finansiering for dei to hallane i Jølster. Dette med tanke på spelemiddelsøknad for 2019.



Når det gjeld hallen på Skei, så er den meir eller mindre gryteklar. På Vassenden er det meir uvisst korleis det ligg an, og vi vart ikkje mykje klokare ettersom kommunestyremøtet vart lukka då det kom til orientering om hallen på Vassenden.

Mykje att og fram

Til møtet torsdag låg det føre nytt kostnadsoverslag og ny finansieringsplan for hallen på Skei som synte at det  mangla 3.4 millionar på at finansieringa. Hallen på Vassenden ligg an til å mangle mellom 7 og ti millionar på å vere fullfinansiert, ifølgje eit notat frå kommunalsjef Thor Ove Farsund.

Inklusive moms vil dei to hallane koste omlag 120 millionar og det kommunale bidraget vil ligge på tilsaman 47.8 millionar. Det var stor semje i salen om at det var viktig å gjere dei vedtak som måtte gjerast for å få tippelmiddelsøknadane avgarde 1. mars.

-Hallane vil utfylle kvarandre og endre bu-og oppvekstvilkåra i Jølster drastisk, sa Steinar Dvergsdal (Sp)

-Eg er glad for at det har vore gitt gåver og og at det blir jobba dugnad på Skei. Vi i Venstre er for at det skal sendast tippemiddelsøknad for to hallar og det er flott med engasjementet som blir synt, sa Judith Kapstad (V)

-Eit røvarkjøp for kommunen, sa leiar for prosjektgruppa for hallen på Skei, Ottar Magne Fugle (Ap)

Så gjekk teppet ned

Det har lenge vore eit mysterium korleis hallen på Vassenden ligg i løypa når det gjeld prosjektering, plassering på tomta og kalkyle. I dag skulle det orienterast, men då vart møtet lukka. Dermed veit vi like lite som før. Men etter at møtet vart opna att og det skulle finnast pengar til det som mangla av finansiering av hallane, kom det opp at politikarane hadde funne 6.8 millionar som udisponert lånebeløp i økonomiplanen. Det vart ikkje sagt kva det konkret handla om, men det verserte spekulasjonar mellom tilhøyrar som gjekk på at det kan vere at hallen blir plassert slik at kunstgrasbana ikkje treng flyttast og at den summen er spard.

Søknad kan sendast

Venstre og Høgre ville plassere heile dette beløpet på Vassenden, medan resten ville dele likt. Slik vart det, med røystene til alle så nær som V som opphavleg stilte framlegg i lag med Høgre som gjekk på at heile beløpet skulle brukast på Vassenden. Dette fekk til slutt berre Venstre sine røyster.

Dermed manglar det framleis nokre millionar på Vassenden, pengar som ifølgje Steinar Dvergsdal bør vere kurrant å få inn som gåver og dugnad.

-Dette gapet på Vassenden er overkommeleg, og eg er sikker på at det vil vere like enkelt å få inn gåver i Vassenden-området som det har vore på Skei, sa Dvergsdal. Dermed er det duka for å sende to spelemiddelsøknader for idrettshallar i Jølster og ei sak som har skapt mykje støy kan vere historie.