Heim   >   Nyhende   >   Kommunar som skal
slåast saman investerer meir

Frå nettsida til «Prosjekt Sunnfjord». Illustrasjonsbilete.

Kommunar som skal
slåast saman investerer meir

Forsking viser at kommunar som blir slått saman under tvang investerer og tek opp meir lån enn andre kommunar.

Ein rapport som samanliknar pengebruken i kommunar før og etter kommunereforma konkluderer med at kommunar som var aktuelle for samanslåing fekk ein markant oppsving i investeringar og låneopptak, skriv Aftenposten.

– Vi ser at mange kommunar byrja å tenkje heilt annleis om sine økonomiske disposisjonar då regjeringa lanserte reforma, seier professor hjå Institutt for samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo, Jostein Askim.

Rapporten viser òg at kommunar som blir slått saman under tvang brukar meir pengar enn dei som frivillig går inn i ei samanslåing, små kommunar som blir den minste delen av ei ny kommune, tek opp meir enn dei som blir den største delen, og at rike kommunar tek opp meir lån enn fattige kommunar.

(©NPK)