Heim   >   Nyhende   >   Kommunale kriseteam varsla etter vedtaket om pelsdyravvikling

Det var full sal då ei av dei mest omstridde sakene i vår, avvikling av pelsdyrnæringen, vart behandla i Stortinget torsdag. Fleire kriseteam er varsla etter vedtaket. Foto: Ørn E. Borgen/NTB scanpix/NPK.

Kommunale kriseteam varsla etter vedtaket om pelsdyravvikling

Leiaren i Rogaland Pelsdyralslag er bekymra for helsa til medlemmene etter pelsdyrvedtaket natt til fredag. Fleire kommunale kriseteam er varsla.

Rundt midnatt vedtok Stortinget å avvikle pelsdyrnæringa etter meir enn fem timars debatt. Over 20 pelsdyrbønder frå Rogaland reiste til Oslo for å følgje debatten, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er ein trist dag, det er mykje kjensler i sving. Eg tenker spesielt på dei unge som har satsa i næringa dei siste åra, seier leiar Jan Ove Horpestad i Rogaland Pelsdyralslag til avisa.

Han har tatt kontakt med kriseteam i kommunar som er ramma i Rogaland. Dei neste vekene skal han i fleire møte med dei.

– Eg er redd at folk kan gå heilt i kjellaren. Det er tøft å stå i denne situasjonen, og mange bønder blir gåande åleine. Det kan vere vanskeleg å snakke om at ein har det tøft. Derfor er det viktig å få ut melding om at dei ikkje må vere redde for å ta kontakt med kriseteama, seier Horpestad. (©NPK)