KODE vil samarbeide om Astrup-kunst

Kunstmuseet KODE i Bergen stiller seg positive til eit samarbeid med Jølster kommune om kunsten til Nikolai Astrup.


Det skriv NRK.


Sist veke blei det kjent at ordføraren i Jølster, Oddmund Klakegg, vil trekkje Astruptunet ut av Musea i Sogn og Fjordane, for å gjere det til ein del av KODE i Bergen. Bakgrunnen skal vere misnøye med drifta som no er i regi av Musea i Sogn og Fjordane. (©NPK)