KM Terrengløp og 2. runde i Nordfjordkarusellen

KM terrengløp vert arrangert på Sandane søndag 15. april.

Arrangør er Fjellhug/Vereide IL. Meisterskapen går i dei tradisjonelle, gode løypene i Åsen, der alle frå og med 13 år og opp til eldste veteranar kan stille.

I år har krinsen lagt ei løpssamling på Sandane denne helga, og det vil nok bli god deltaking på terrengløpet frå dei som er på samlinga.

Løpet er også det andre løpet i Nordfjordkarusellen, og Fjellhug/Vereide håpar at alle som var med på Sørstranda Rundt dukkar opp att i barkeløypa i Åsen søndag.

Løypene går på bark og grus. Menn junior og eldre spring to heile rundar i løypa, i alt 3600 meter. Dei som har kortast veg til mål, er 13- og 14-åringane. Dei har ei løype som er om lag 600 m.

Det vil også bli eit mini-terrengløp for 12 år og yngre; her vert belønninga litt påskegodt og medalje når dei kjem i mål. Desse yngste startar ein halvtime før KM-konkurransane.