Ein el-sykkel vart lodda ut under Europeisk mobilitetsveke i Gloppen, med støtte frå fylkeskommunen. Illustrasjonsfoto: Mari Wøien Håland

Klimaprosjekt med midlar frå fylkeskommunen

Klimakonferanse, vassdragtreff, kartlegging av vernskog og granulatfri kunstgrasbane er blant klima- og miljøtiltaka som har fått støtte i 2018. Første søknadsfrist i 2019 er 15. januar.

I fylkesutvalet i juni 2018 vart tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak styrka med 2 millionar kroner, noko som betydde at fylkeskommunen kunne støtte fleire og større klima- og miljøprosjekt enn tidlegare. Sidan juni har det vore to søknadsfristar, og alle midlane er brukte opp.

Tilskotsmidlane vert delt ut til prosjekt og tiltak som bidreg til ei klimaomstilling i Sogn og Fjordane. Sjå alle tiltaka som har fått støtte nedst i saka.

Mange gode prosjekt


– Auka rammer for tilskotsordninga gjorde til at vi kunne gå meir aktivt ut å promotere henne. Det er flott å sjå at så mange hadde gode prosjekt dei vil setje i gang, seier plansjef Synnøve Stalheim.

Regional plan for klimaomstilling blei vedtatt i juni 2018, og tilskotsmidlane skal nyttast til å tiltak og prosjekt som bidreg til å følgje opp måla og tiltaka i Regional plan for klimaomstilling og bidra til at Sogn og Fjordane skal klimaomstille seg. I 2018 har det ikkje vore tematiske avgrensingar på midlane for å fange opp eit breitt spekter av søkarar. Slik vil det også vere i 2019.

Neste sjanse i januar


Det kom inn søknadar for 1,3 mill kr meir enn rammene til tilskotsordninga. I 2019 kjem det nye høve til å søkje midlar frå tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak. Fyrste søknadsfrist er 15. januar 2019.

Fylkeskommunen har gjeve tilskot til følgjande prosjekt og tiltak i 2018:


























































SøkarProsjekt
NaturvernforbundetVassdragstreff Aurland
Sogndal folkehøgskuleSeminar om solenergi
NordfjordrådetEnerginettverk Nordfjord
Firda VGSKlimakonferansen «Den grøne tråden»
SINTEF EnergiGrøn energi Stryn Sommarski
Gloppen kommuneEl-sykkel i premie til europeisk mobilitetsveke i Gloppen
Jølster kommune• Kartlegging av vernskog i Jølster og utarbeiding av rutine for skjøtselplan
• Profilering av interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord
Stadlandet skuleMiljøveke 2019
Årdal kommuneRehabilitering av kunstgrasbana på Jotun Stadion – utan gummi-granulat
NFF Sogn og FjordaneRister ved inngangsparti for oppsamling av gummigranulat – 3 pilotanlegg.
Flora kommuneReparasjonsstativ og luftpumpe ved Klatreparken
VestlandsforskingKartlegging av erfaringar frå regionalt plan- og klimatilpassings-
arbeid i nye Vestland fylke – finansiert saman med Hordaland
fylkeskommune