Heim   >   Nyhende   >   Klimaendringar kan ha innverknad på gyteevna til torsken

Foto: Gorm Kallestad/SCANPIX.

Klimaendringar kan ha innverknad på gyteevna til torsken

Førebelse forskingsresultat viser at torsken får nedsett reproduksjon dersom temperaturen på vatnet aukar.

I september i fjor starta prosjektet som har forska på reproduksjonen til torsken ved auke i havtemperaturar og andre klimaendringar, skriv Havforskingsinstituttet på nettsidene sine.

– Det vi har sett frå første stund, er at egga til torsken i det varmaste vatnet er av svært låg kvalitet, seier postdoktor Maud Alix.

Forskingssjef Olav Sigurd Kjesbu seier dei trur gytemønsteret til torsken vil verte endra i framtida.

– Det ein kan tenkje seg, er at torsken vil trekkje lenger nord for å gyte. Om nokre år vil kanskje ikkje torsken gyte sør i Nordsjøen i det heile, berre i den nordlege delen, seier han. (©NPK)