Fleire tusen menneske deltok i klimabrølet i Oslo i august. Språkrådet har kåra «klimabrøl» til årets ord i 2019. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix/NPK.

"Klimabrøl" er kåra til årets ord 2019

Klimaengasjementet til barn og unge set avtrykk i språket. Språkrådet har kåra «klimabrøl» til årets ord i 2019.


Klimabrøl toppar lista over dei ti mest interessante nyorda i år. Språkrådet meiner ordet viser den kraftfulle og alarmerande styrken i klimaengasjementet til dei unge.


Over heile landet har ungdommar samla seg til klimastreik, og i august samla tusenvis av menneske seg til markeringar i femten norske byar for å brøle for klimaet.


– Ordet summerer opp styrken som særleg ungdom har vist dette året. Andreleddet -brøl bruker vi elles i språket vårt for å uttrykke kraftig begeistring, gjennom ord som sigersbrøl, tribunebrøl og kollenbrøl, seier seniorrådgivar Dagfinn Rødningen i Språkrådet.


– Ordet klimabrøl er interessant som nylaging, fordi det i denne samanhengen gir assosiasjonar til sinne og protest, seier han.



Distriktsopprør sterk konkurrent

Klimabrøl vart utfordra av eit anna nyord som signaliserer protest: bunadsgerilja. Bunadskledde demonstrantar har i år aksjonert for bevaring av sjukehustilbodet fleire stader i landet.


– Dette er ei kreativ samansetning, der forleddet bunads- gir assosiasjonar til det trauste og tradisjonelle, medan etterleddet -gerilja er knytt til noko spontant og uregjerleg. Slik oppstår det ei indre spenning i ordet, som på ein treffande måte illustrerer konflikten mellom by og land, seier professor Gisle Andersen ved NHH.


Orda som toppar lista, er: kjøttskam, scenenekt, kveikøl, overturisme, sovekapsel, helsesjukepleiar, havvind og skrønike.



Aktuelle ord

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med Gisle Andersen ved NHH. Orda kan vere nyord, men det kan òg vere ord eller nyare uttrykk som har prega året.


«Viktige kriterier for kåringa er at ordene skal være aktuelle, mye brukt, levedyktige og ha god språklig kvalitet», påpeikar Språkrådet.


I fjor vart skjebnelandsmøte kåra til årets ord. Omgrepet falske nyheiter og ordet kvardagsintegrering er tidlegare kåra til årets ord.


I kåringa blir det brukt mellom anna eit dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og regionaviser.