Heim   >   Nyhende   >   Klimaavtale kan gje moglegheiter for Sogn og Fjordane

Klimaavtale kan gje moglegheiter for Sogn og Fjordane

I dag leverte Norges Bondelag og Småbrukarlaget over 30 forslag til klimaløysingar for jordbruket. Innspelet er eit ledd i forhandlingane om ei frivillig klimaavtale for jordbruket.

– Fleire av klimaløysingane det vert peika på vil vere ein stor styrke for matproduksjonen i fylket vårt, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, i ei pressemelding.

Bredt spekter

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag forhandlar med regjeringa om ei frivillig klimaavtale for jordbruket. I forhandlingsmøtet mellom partane 6. februar, leverte bondeorganisasjonane eit forhandlingsdokument som grunnlag for vidare prosess. I innspelet peikar organisasjonane på meir enn 30 klimaløysingar som må vurderast vidare i arbeidet.

– Vi vil utvikle eit jordbruk som svarar på utfordringar om å redusere utslepp, og føreslår eit bredt spekter av løysingar. Det er eg nøgd med. Skal forhandlingane med regjeringa vere reelle, er det viktig å nytte kunnskapen som ligg i sektoren, og dei initiativa som er sett i gang. Skjer det, håpar eg vi kan få på plass ei avtale som gjer norsk jordbruk endå meir klimavennleg enn i dag, seier Felde.

– Skreddarsydde for distriktsbonden

Han viser til at fleire av klimaløysingane som Bondelaget og Småbrukarlaget har peika på vil kome grasfylket Sogn og Fjordane til gode.

– Auka grasavlingar og auka graskvalitet, arbeid med betre helse og fruktbarheit for husdyra, og grep for betre avlingar som planting av kløver i eng, karbonlagring ved beite, kalking og forhindre jordpakking, er løysingar som er skreddarsydde for distriktsbonden, seier Anders Felde.

Han peikar på at fleire av klimaløysingane ikkje vert registrerte i Noreg sin offisielle utsleppsrekneskap per dags dato. Av dei 31 tiltaka som bondeorganisasjonane peikar på, er det i dag berre fire som blir  fanga opp og krediterte i jordbruket sin utsleppsrekneskap.

– Vi skal vere ambisiøse på vegner av bonden. Når partane no skal i gang med å diskutere klimamål for jordbruket, ber vi om aksept for at det er eit bredt spekter av klimaløysingar som vil gje resultat. Det viktigaste er å legge til rette for tiltak som faktisk verkar, og ikkje la oss avgrense av ei avtale utan rot i verkelegheita, seier Felde.

Skuggerekneskap 

Bondeorganisasjonane har mellom anna føreslått eit skuggerekneskap der ein kan godskrive klimakutt i jordbruket som per dags dato ikkje vert fanga opp i Norges offisielle utsleppsrekneskap.

Kva for klimaforplikting jordbruket kan gå inn for, er også avhengig av om regjeringa er villig til å stille med tilstrekkelege verkemiddel, seier Felde.

– Det må stimulerast til klimaløysingar i jordbruket, på same måte som ein har gjort innanfor store sektorer som transport og industri. Regjeringa må forplikte seg om auka innsats innan forsking og utvikling, auka stimuli til klimainvesteringar i jordbruket, aktiv bruk av ENOVA og eit framtidig CO2-fond for næringslivet, samt målretta klimarådgjeving for bonden.