Viserektor ved Vassenden skule, Hilde Hegrenes, er glad det gjekk bra med dei fire borna som var i tårnet då stolpen knakk

Klatrepark rotnar på rot

Tysdag skjedde det som ikkje burde skje, nemleg at ein av stolpane i den relativt nye klatreparken på Vassenden knakk. Den høyrde til i eitt av dei to "tårna" og det var fire born oppe i tårnet då dette skjedde.



- Heldigvis gjekk det bra med alle fire, seier viserektor ved skulen, Hilde Hegrenes. Parken er stengd inntil fagfolk har vore på plass for å kontrollere resten av stolpane. Det skal ifølgje Hegrenes skje kommande tysdag. Ifølgje kjelder mellom foreldra til borna, vart den eine send til legesjekk.



Sparebankstiftinga betalte

Det var Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane  som i 2013 gjekk ut og oppmoda kommunane om å søkje midlar til klatreparkar. Det var meininga å finansiere ein i kvar kommune, men Jølster fekk to, ein til kvar av skulane. Den på Vassenden vart opna i november 2015 og har vore ein populær leikeplass for skulen.

-Det er eigentleg den einaste, skikkelege leikeplassen vi har, seier viserektor Hilde Hegrenes som håpar dei snart får opna parken att.

Kultursjef i Sparebankstiftinga, Pål Fidjestøl, visste ingen ting om det som hadde skjedd då vi snakka med han torsdag ettermiddag.

-Dette visste eg ingen ting om, men det var godt du ringde og sa i frå.

-Er det ikkje litt spesielt at desse stokkane rotnar så fort?

-Jau, dette er veldig spesielt og no vil eg på det sterkaste oppmode alle kommunar som har slike parkar om å sjekke tilstanden, seier Fidjestøl.

Skal ikkje skje

Klatreparken er produsert og levert av Klatrejungel AS i Førde, og dagleg leiar der, Rune Berge, hadde fått melding om hendinga då vi ringde.



-At stokkar skal rotne så fort, er veldig spesielt. Dette er norsk furu, levert av eit sagbruk i Luster. Kvifor dette har skjedd, kan eg rett og slett ikkje seie noko sikkert om, men det må ha vore eit eller anna med vekstforholda til desse stokkane som har skapt ein defekt . Eg skal ha ei synfaring på  parken og det skal sjølvsagt ryddast opp i dette, seier Berge som meiner at eigarane av parkane, har eit visst ansvar for å sjekke tilstanden med visse mellomrom.

-Eigarane skal ifølgje leikeplassforskrifta kontrollere leikeanlegg og denne stokken har ikkje rotna nyleg. Her burde denne feilen kanskje vore oppdaga tidlegare og eigarane teke grep, avsluttar Berge.

 

 

Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga oppfordrar alle eigarar av klatreparkar om å sjekke tilstanden.
Dagleg leiar i Klatrejungel AS, Rune Berge vil prøve å finne ut kva som har skjedd og rydde opp.
Stubben som står att etter den knekte stolpen er temmeleg roten. Skrujarnet møtte ikkje meir motstand enn i ei rå potet.