Kokken Tor og Jävlar på Kärlek er mellom banda som spelar på Sunnfjord Vinterfest laurdag.

Klart for Sunnfjord Vinterfest

Sunnfjord Vinterfest med banda Staysman & Lazz, ViMenn, Kokken Tor og Jävlar på Kärlek spelar opp til fest og moro på Scandic Sunnfjord hotell i Førde laurdag 16. februar.





Staysman  & Lazz
er Norges største rølpeband. Med 150 millionar strøymingar, over 1000
konsertar, og mange realityshow på samvitet, er det liten tvil om kva som
ventar når desse styggsexy mannfolka frå Fredrikstad kjem på besøk.





Staysman & Lazz har vore på vegen i over ti år, og det er ingen som sit på tilsvarande kompetanse når det kjem til å lage feststemning.   Singlane «Kaptein Morgan», «Frk Moet», «Brun og Blid» og «Se så Glad Nissen er», har alle fleire millionar strøymingar.  





Kokken Tor er eit norskrock coverband frå Sandane/Florø. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hole hand og tek dei med på ein hardtslåande hit-konsert. Bandet har dei siste åra arbeidd seg opp eit rykte for å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.





Jävlar på Kärlek er ein gigasmell av verdas kulaste låtar. Over ausande energi og aggressive gitarriff, møtest coverbanda Kokken Tor og Jävlar på Kärlek til landskamp. Her er målet å være tøffast, råast og ha dei aller kulaste låtane for å få publikum på si side. Jävlar på Kärlek spelar svenske megahits frå mellom andre Roxette, Gyllene Tider, ABBA og Kent og Håkan Hellström.





ViMenn frå Førde spelar party- og rockelåtar som er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege, varige mein, er òg eit godt teikn.