Etter tre år med dugnad og fleire år med planlegging og venting, kan Jan Sunde endeleg ønskje velkommen til opningsstemne på Skei stadion.

Klart for opning av Skei stadion

Førstkommande søndag er det duka for opning av "nye Skei stadion". Det skjer med friidrettsstemne og snorklipping. Friidrettsstemnet er to del; eit rekruttstemne for dei mellom 7 og 11 år og nasjonalt stemne for dei eldre.



- Det var i 2012 at dei første planane om å ruste opp det det gamle og utdaterte friidrettsanlegget såg dagens lys, fortel ein av eldsjelene bak oppgraderinga av Skei stadion, Jan Sunde.

Lite brukt

-Eg tok kontakt med Hallvard Klakegg og lurte på om vi ikkje skulle prøve å få gjort noko med friidrettsdelen på Skei stadion, fortel Sunde som då såg at graset heldt på å ta overhand på løpebanene og at anlegget var så godt som ikkje brukt til det det var tenkt til.

I november 2012 vart planane om å ruste opp stadion presentert for kommunen som var positiv, men dei fekk beskjed om at dei ikkje kom til å få pengar. Etter eit år med planlegging var det så synfaring med kommunen hausten 2013, men sidan dei fekk signal om at kommunen ikkje ville vere med økonomisk, vart planane lagde på is inn til vidare.



Spark bak

Planane vart liggande på isen fram til 2015. Då fekk folka bak planane om opprusting eit spark bak av leiar i idrettslaget, Laila Tefre.

-Vi sette i gang med å kontakte dei politiske partia og fekk signal om at det var politisk fleirtl om å støtte prosjektet, seier Sunde. Etter kvart vart det sendt søknad om i overkant av ein million til kommunen som like godt løyvde 1.100.000.

Etter kvart kom det også ein halv million frå Sparebankstiftinga Sogn Og Fjordane, 125.000 frå idrettslaget, der ein del stamma frå innsamling av brukte mobiltelefonar. Spelemidlar på 1.4 millionar som kommunen forskoterte, var også ein viktig del av finansieringa, i tillegg til 285.000 frå lokale sponsorar.  Inkludert dugnad på omlag 2000 timar, kjem prislappen på 4.8 millionar, for det som no står fram som eit moderne friidrettsanlegg, med  løpebaner og fasilitetar for tekniske øvingar.



To vart til fleire

Det starta altså med at Jan Sunde og Hallvard Klakegg snakkast. Etter kvart kom også friidrettsguruen Johnny Solheimsnes med.

-Vi hadde også god hjelp av Bjørn Anders Steinsund som teknisk rådgjevar og Rakel Apneseth i Frivilliggsentralen. Maskinentreprenør Jostein Sunde har også vore god å ha med på laget. Han har alltid stilt opp når det har vore behov for hjelp, fortel Sunde som no er inne i tredje sesong med dugnad på anlegget. For sjølv om det sto ferdig i fjor, så har det vore litt småplukk i år også. Men søndag er det klart for det første skikkelege friidrettsstemnet i Jølster på svært lenge.

-Det har ikkje vore stemne her sidan tidleg på 2000-talet, men søndag er vi gang att og då blir det snorklipping med tale av ordføraren og masse idrettsfolk frå mange klubbar. Skulen har allereie brukt anlegget mykje, og no reknar vi med eit skikkeleg løft for friidretten i Jølster, smiler Jan Sunde som kan fortelje at det er kjøpt inn utstyr til bana for 120.000 kroner. Resultata som blir noterte søndag blir også nye banerekordar.



 

 

 

Også tribuneanlegget er pussa opp
Også infotavla ved inngangen til stadion måtte oppgraderast.
Gode støttespelarar er viktig når prosjekt som dette skal gjennomførast