Klart for nytt Sommartreff

Fredag 7. juni går andre etappe av årets Jeremias-festival av stabelen. Under Sommartreff i Karnilstunet blir det variert program med underhaldning og dans.

Årets Sommartreff byr på konsert av Arne M. Sølvberg på fele, i samspel med Øyvind Lyslo på gitar og Tom Karlsrud på trekkspel. Grannelaget vil i tillegg spele til dans og underhaldning, i same stil som sist.

Tradisjon

Sommartreffet i Karnilstunet er blitt ein tradisjon. Det har vore folksamt i det historiske og levande tunet dei siste åra, med kring 120 gjester.

Treffet i år blir på same vis som tidlegare, men nye vil stå for det musikalske. I tillegg til musikk og dans, lovar arrangørane lynutlodding med ei rekkje flotte vinstar.

I år står også plateslepp på programmet. Arne M. Sølvberg har saman med Øyvind Lyslo og Tom Karlsrud spelt nokre av slåttane sine inn på CD.

Fele, gitar og trekkspel

Arne M. Sølvberg er bonde, hardingfelespelar og folkedansar. Han er tildelt ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannsprisen i 1996 for CD-en «Nordfjordslåttar», og Kongens Fortenestemedalje i sølv i 2010. I heile fem år har han motteke arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend.

Øyvind Lyslo har òg vore nominert til Spellemannsprisen, for CD-en «Syngande strenger» i 1991 saman med Arne M. Sølvberg på hardingfele. Lyslo er gitarist og arbeider i dag som fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane, frilansmusikar og gitarlærar.

Tom Karlsrud vart i fjor tilsett som den einaste distriktmusikaren i Noreg på trekkspel, og har base på kulturhuset i Lærdal. Han har utdanning frå Norges Musikkhøgskule, og har seinare jobba som lærar på musikkskulen i Lærdal.

Dei tre vil saman spele mellom anna slåttar frå den felles plata.