Laurdag er det nok ein gong klart for Byrkjeloleikane på Byrkjelo stadion. Arkivfoto.

Klart for Byrkjeloleikane 2018

Omtrent før ein har fått rydda indre bane etter NM i friidrett, går Breimsbygda IL i gang med nye arrangement. Laurdag 1. september er det Byrkjeloleikane 2018 som står for tur.

Byrkjeloleikane er ein tilrettelagd aktivitetsdag for deltakarar i alle aldersgrupper, og blir arrangert av Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Sogn og Fjordane Fotballkrins, Sogndal United og Breimsbygda IL.

Breimsbygda IL er teknisk arrangør og står for det meste av det praktiske arbeidet i høve arrangementet. Overskotet frå arrangementet blir i sin heilskap ført tilbake til brukarar frå målgruppa. I 2018 har ein m.a. brukt av tidlegare års overskot for sende eit lag, inkludert rettleiar, til landsturneringa i Bergen.

Dette er eit arrangement der idrettsglede står i fokus. Det er sjeldan det er vanskeleg å få folk til å stille på dugnad i Breimsbygda, men på dette arrangementet er det faktisk slik at folk spør om dei får lov å vere med i dugnadsgjengen.

Arrangementet er stilfullt lagt opp med innmarsj, musikkorps, speakerteneste og opningstale av ordførar. Det er kiosk og matservering, som det skal være på alle gode idrettsarrangement. Vi brukar det same utstyret som under NM når vi tek tida på utøvarane. Sist, men ikkje minst, stemneleiaren er den same som var leiar for NM i friidrett.

Deltakarane får prøve seg på 60 meter, 200 meter, kast (liten ball), lengde, hestesko, orientering og fotball. Nytt av året er  at både ordføraren og leiaren i Breimsbygda idrettslag har lova å delta i alle friidrettsøvingane. Berre det vil kunne vere verd eit besøk på Byrkjelo Stadion.