Treff gamle og nye vener på fylkesleir i 4H. Foto: 4H Sogn og Fjordane.

Klart for 4H-leir i Kjølsdalen

5. til 8. juli samlast 4H-arar frå heile Sogn og Fjordane til årets fylkesleir i Kjølsdalen i Eid kommune.

– Eg trur leiren bli veldig kjekk! smiler Olav Berstad (18). Han er sjef for årets fylkesleir saman med Julie Nilsen Sundal (18).

Ho legg til:

– Årets leir vil nok også denne gongen gje deltakarane gode og minnerike opplevingar som dei seint vil gløyme.

Ope for besøkande
Leirdeltakarane kan sjå fram til fire dagar fylte med spennande aktivitetar, tevlingar og mykje moro. Fylkesleiren er for 4H-arar frå tolv år, men under leiren vil også dei mellom ti og elleve år kunne delta frå laurdag til søndag.

Fredag kveld er leiren open for alle som vil oppleve leirlivet. Då inviterer arrangørane til open leir med konsert og aktivitetar.

– Under open leir håpar vi at mange vil kome, folk frå bygda, familie til 4H-arar og elles alle som ynskjer å oppleve korleis det er å vere på leir! Dette blir sosialt og artig, seier Nilsen Sundal.

Mange aktivitetar

Det er stort spenn i aktivitetane, og dei som deltek kan oppleve både fjellturar, volleyballturnering og aktivitetar som vikingliv, skyting, leikarring, matlaging, hest, kajakk og klatring.

– Deltakarane kan sjå fram til mange spennande aktivitetar. Kjølsdalen er ein flott plass med mange moglegheiter. Og så blir ein kjent med andre med dei same interessene, fortel Berstad.

Høgdepunkt

Det er Eid 4H-nemnd som er arrangør, i samarbeid med 4H Sogn og Fjordane. Leir er høgdepunktet på sommaren for mange 4H-arar.

– Vi håpar så mange som mogleg vil kome til Kjølsdalen på leir, avsluttar dei unge leirsjefane.