Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Klarsignal for å setje i gang Gardsbrenneriet på Hauge

Gloppen jeger- og fiskarlag har sett seg leie på at det blir gjort hærverk i Røsskleivdalen. Nyleg var det tent opp bål like ved hytteveggen. (Privat foto)

Klarsignal for å setje i gang Gardsbrenneriet på Hauge

Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby er i sin andre sesong som eplemostprodusentar på heimgarden til Vik Bergstad på Hauge. No har dei òg fått på plass tilverkarløyvet som gjer at dei kan drive brenneri på garden.

Det er Helse- og sosialdepartementet som handsamar slike søknader, som likevel må innom mange andre instansar før han kan godkjennast. Etter ein sju månader lang prosess vart søknaden godkjent for få veker sidan. Mykje måtte vere i orden før løyvet var på plass.

– Det er det vi har drive med dei to siste åra, bygd opp lokalet og kjøpt inn utstyr bygget treng, fortel Jann Vestby.

No kan Vik Bergstad og Vestby setje i gang med å lage til brenneriet, som er eit A/S under namnet Gardsbrenneriet. Selskapet er skilt frå Fjordane Gardspresseri, der eplemostproduksjonen blir driven.

Les heile saka i papirutgåva fredag.