Heim   >   Nyhende   >   Klare tal om parkeringsplassar

Klare tal om parkeringsplassar

Heile 85 prosent av dei som har svara på den uhøgtidelege spørjekonkurransen her på nettsida vår har svara at det ikkje er for mange parkeringsplassar på Sandane. 

14 prosent har svara at det er for mange p-plassar i kommunesenteret, medan éin prosent har svara at dei ikkje veit.

Totalt kom det inn 1013 svar.

No har vi lagt ut eit nytt spørsmål. Denne gongen spør vi om du skal røyste ved kommune- og fylkestingsvalet.