Frå venstre ser vi bookingansvarleg i Fjæra Bluesklubb, Leif Egil Verpeide, nestleiar Eirin Alden Sæthre og leiar Hans Ole Andenæs. Det meste er no på plass før den 21. Fjordblues-festivalen i rekkja.

Klare for nok eit Fjordblues

Artistane er booka, sponsoravtalene underskrivne, lokala tinga, brosjyrane trykte, og billettsalet godt i gang til den 21. Fjordblues-festivalen i rekkja.

– Det er mykje å organisere og halde styr på no i dagane før festivalstart. Det er mange telefonar, meldingar, spørsmål og anna, seier leiar i arrangørklubben Fjæra Bluesklubb, Hans Ole Andenæs.

I rute ei veke før

Arrangørane bak Fjordblues har det meste under kontroll før det brakar laus torsdag.

– Vi er nokolunde i rute, men det bør ikkje skje for mange uføresette hendingar no dei siste dagane, seier bookingansvarleg Leif Egil Verpeide.

Skrekken er at sjukdom eller dårleg vêr skal føre til avlysingar. Verpeide fortel at det er ei stor utfordring å få alt det praktiske i hop, og at det ligg svært mykje arbeid og planlegging bak eit så stort arrangement. Årets program har stor breidde, i alt er det lagt opp til 19 enkeltkonsertar.

Program med spennvidde 

Publikum kan høyre blues frå kjende artistar både oppe og nede på Gloppen Hotell, det vert konsertar i Trivselshagen og på Lauget. I tillegg vert det skulekonsert på Firda vidaregåande skule og «Blues for barna», eit opplegg laga for Den kulturelle skulesekken. På fjorårets festival vart det publikumsrekord med til saman 1800 besøkande.

– Det er stor breidde i programmet, vi har artistar som hallar mot både rock, country, cubansk salsa og sjølvsagt rotekte klassisk blues, fortel bookingsjefen.

God blanding 

Stacie Collins frå USA er hovudnamn på fredag og toppnamnet på laurdag er kanadiske Dawn Tyler Watson med band. Dette vert hennar første konsert i Noreg. Ho vann internasjonal Blues Challenge i Memphis i 2017, som er verdas største mønstring av bluesartistar. Elles vert mellom anna amerikanske Levi Parham og Vincent Flatts Easily Led frå Storbritannia å høyre. Av norske artistar kan Hot Little Mama og The Jelly Roll Men nemnast.

– Vi har prøvd å vidareføre den profilen vi har, ei god blanding av utanlandske, norske og lokale artistar, seier Verpeide.

Comeback

Av personlege favorittar nemner Hans Ole Andenæs mellom anna Hot Little Mama. Bandet vart starta av elevar på musikklinja på Firda for rundt tjue år sidan, og dei stod sist på scena på Fjordblues i 2001.

– Det er veldig artig at vi fekk til ei gjenforeining, så det skal bli kjekt å oppleve dei på Fjordblues igjen, seier han.

Eirin Alden Sæthre ser mest fram til konserten med Levi Parham.

Gode sponsorar og støttespelarar

Fjordblues og bluesklubben har greidd å styrke økonomien sin siste åra.

– Vi har no kome inn på ordninga for støtte til musikkfestivalar i Norsk kulturråd. Og har og fått noko meir i støtte frå både kommune og fylkeskommune. I tillegg har vi rundt 40 velvillige sponsorar, det er vi veldig glade og takknemlege for.  For det kostar å arrangere ein så stor musikkfestival, så utan støtte og den enorme dugnadsinnsatsen vi legg ned i dette hadde det aldri gått rundt. No håpar vi på ein godt besøkt festival, og gleder oss til moroa startar, seier Andenæs.