Maria Ose frå Sandane har fått skuleplass ved ein stor og anerkjend musikkskule i Tyskland.

Klar for eit musikkår i München

I oktober startar Maria Ose (21) eit spennande år ved ein anerkjend skule i München. Ho har no fått plass ved skulen som utvekslingselev frå Norges Musikkhøgskole i Oslo.


Maria Ose kjem frå Sandane, og går eit fireårig studieløp for utøvande klassisk fløyte ved musikkhøgskulen. Ho starta å spele fløyte då ho var sju år gammal, og øver svært mykje.

Stor skule

Gjennom musikkhøgskulen vert ho støtta av Erasmusordninga, og har fått skuleplass ved Hochschule für Musik und Theater München. Dette er ein skule med om lag 1200 studentar, fordelt på 100 studieretningar og 500 lærarar.

– Eg vil ha vanlege speletimar på engelsk, i tillegg til kammermusikk og orkester. I tillegg vil eg høyre på andre sine timar for å suge til meg mest mogeleg medan eg er der, det er mange ulike stilar i verda. Eg har søkt om studentbustad gjennom Erasmus, fortel ho.

Ho spelar sjølv fire til fem timar fløyte kvar dag, i tillegg til orkester og kammer inn i mellom. I Oslo har ho hatt nokre teoretiske fag, men i München vert det mest speletimar.

– Vil lære mykje

Før studiestart 14. oktober vil ho ta eit språkkurs i tysk, sidan dei aller fleste ved skulen ho skal til snakkar tysk og undervisningsfaga går på dette språket.

– Det blir tøft å starte, med nytt språk, kultur og nye folk. Eg trur det blir veldig spennande, særleg fordi eg skal ha Andrea Lieberknecht til lærar. Ho er svært dyktig. Det blir uvant ikkje å snakke norsk eit heilt år, men eg håpar å lære litt tysk, seier Ose.

– Andrea Lieberknecht spelar med trykk i ein grovare stil enn det ein ser som typisk fløyte. Ho spelar med meir kraft. Fløytetradisjonane vi følgjer i Noreg stammar frå Tyskland, såleis treng eg nok ikkje endre min eigen spelemåte for dette året.

Lieberknecht har tidlegare vore lærar ved Norges Musikkhøgskule. Læraren Maria Ose har der, kjende slik til henne og snakka varmt om henne. Ose har òg sjølv opplevd Lieberknecht som ein god musikar og lærar, og ho hadde difor ein draum om å få plass på denne skulen.

Fleire prosjekt

Maria Ose får ved sida av studiet spørsmål om å spele på ulike møte, til dømes har ho spelt for Lions Norge og Leve.

– Det er blitt fleire småoppdrag. Det er kjempekjekt når folk nyt musikken og eg ser at den betyr noko for dei. Då kjem eg på kvifor eg gjer det eg gjer. Det er viktig å gjere det inn i mellom og ikkje berre spele for folk som vurderer og gir kritikk.

Ose held i tillegg på med eit filmprosjekt, og er akkurat komen heim frå Valdres sommersymfoni. Under sommarsymfonien vart det halde mange konsertar med store musikarar, i tillegg til kurs. Det synest ho har vore svært inspirerande.

Vil bli kammermusikar

– Eg starta å spele fløyte ved Gloppen kulturskule då eg var sju år gamal, og gjekk musikklinja ved Firda vidaregåande skule. Frå 2013 til 2017 deltok eg i Barrat due unge talenter, før eg starta på Norges Musikkhøgskole hausten 2017. Kvart år sidan 2015 har eg delteke på Valdres sommersymfoni, og var for første gong i år med på papillon-prosjektet for dei mellom kursdeltakar og festivalmusikar, forklarer Ose.

Saman med tvillingsøstera Ingrid, har ho jobba mykje med musikaren Henning Kraggerud for å utvikle musikalitet og nettverk. Ho ønskjer å ta master, og gå på eit toårig orkesterakademi der ho får praksis i eit profesjonelt orkester. Seinare drøymer ho om å bli kammermusikar, å reise rundt på festivalar tykkjer ho er utruleg kjekt.