Vegen gjennom tunet på «Klype» i Årdalen går nær husa og er til sjenanse for dei som bur der, meiner Anne Fetveit og Oddgeir Årdal.

Klagar på trafikk gjennom tunet


Anne Fetveit og Oddgeir Årdal har den kommunale vegen gåande gjennom tunet sitt. Auka trafikk gjer at dei ber kommunen vurdere tiltak.


I brevet til kommunen peikar dei to på at vegen gjennom tunet har gått der i lang tid, lenge før motorisert ferdsle var vanleg.

Vart flytta
Anne Fetveit og Oddgeir Årdal starta planlegging av nytt hus på bruket tidleg på 90-talet. Då vart dei rådde til å bygge på nedsida av vegen, på same sida som det gamle våningshuset.

– Hadde vi bygd på oppsida, noko vi vurderte, hadde vi låst situasjonen, skriv dei.

Det nye huset kom opp i 1991, og nokre år etter vart vegen flytta ei vegbreidde vestover, altså vekk frå husa.

– Dette vart då ei lita forbetring, i høve til å ha den nesten inn på trappa til det gamle våningshuset, poengterer dei i brevet.

Ikkje respekt for fartsgrense
Vegen gjennom tunet har redusert fartsgrense til 30 km/t. Det står skilt på begge sider av tunet, i tillegg til skilt som varslar gardstun og at barn leikar.

– Men det er veldig mange køyretøy (dei fleste) som ikkje held denne fartsgrensa. Vi er plaga med både støy og støv, spesielt i sommarhalvåret. Det er òg ei utfordring å passe born i tunet når vi har born på besøk, og det kjennest rett og slett ikkje som ein trygg plass for dei, skriv grunneigarane som legg til at dei føler det som ein stor sikkerheitsmessig risiko, og ein stor belastning at den kommunale vegen går rett gjennom tunet deira.

Trafikken aukar
– Dei siste åra har vi merka ein gradvis auke i trafikk på vegen. Vi er bekymra for alle nye tiltak som kan føre til meir trafikk, både i samband med fritidsbruk i Årdalsdalen og andre nærings- og byggetiltak i grenda vår. Vi vil difor be Jølster kommune om å nøye vurdere alle eventuelle nye tiltak eller planar i Årdalen og Årdalsdalen i høve til problemstillinga med auka trafikk på den kommunale vegen, skriv Fetveit og Årdal.

Dei skriv til slutt i brevet at dei ønskjer å diskutere tiltak som kan skjerme tunet betre frå vegen og gje betre sikkerheit.

– Fartsdumper er døme på eit tiltak som verkar effektivt på farten, og som difor betrar sikkerheita, slår dei fast.