Nordmenn et mindre kjøt enn det vert produsert her i landet. Foto: Kari Hamre/NPK.

Kjøtlagera hopar seg opp

Noreg har overproduksjon av både saue- og svinekjøt, samstundes som nordmenn et mindre norskprodusert kjøt.


– Akkurat no er det ganske dårleg stemning blant grisebønder. Det går alltid opp og ned med prisane på kjøt, men nett no er det mykje dårlegare enn det som er vanleg, seier grisebonde Arne Einar Reed i Breim til NRK.


For tida er det stor overproduksjon av grisekjøt her i landet, og då går prisane ned.


– For oss bønder kan det vere så mykje som eit par kroner per kilo kjøt i nedgang, og det er ganske dramatisk. For folk som har investert millionar i nye fjøs og driftsbygningar, betyr det store bekymringar, seier Reed.


Det er ikkje uvanleg at det blir produsert meir kjøt enn det vi treng i Noreg, men det som er meir uvanleg er at det no gjeld både storfe, sau og gris samstundes.


For tida ligg det 3.032 tonn med sauekjøt, 2.219 tonn grisekjøt og 2.718 tonn storfekjøt på norske kjølelager. Tilsvarande tal for same tid for to år sidan er 3.208 tonn sauekjøt, 824 tonn grisekjøt og 21 tonn storfekjøt.


Mat- og landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) synest heller ikkje det er bra med den store overproduksjonen, men han trur ting vil bli betre om ikkje så lenge.


– Det er jo slik med dyr og matproduksjon at det ikkje er like lett å skru att krana, som det er med ein del anna produksjon. Ein av grunnane til at vi har overproduksjon er jo at vi har flinke bønder som har gjort ein veldig god jobb med å avle fram meir produktive dyr. (©NPK)